Fredheim - Tvildemoen - Gilbaret - Tvilde

Seniortur onsdag 13. mai.
Seniortur onsdag 13. mai. Foto: Geir Henrik Styve

Me var 17 som gjekk seniorturen frå Fredheim mot Tvildemoen.

Me gjekk forbi Voss Mylna og til nedre leiren på Tvildemoen. Herifrå gjekk me til Gilbaret, og fylgde vegen til me kom bort til Rykkesvegen, her gjekk me opp over jernbanen og fylgde Tvildesvegen forbi Gjerdåker og Tvilde. Etter Tvilde gjekk me ned Steinslibakkane ned til Tvildemoen, og fylgde Regimentsvegen til me gjekk ned brekka mot Båbrui, herifrå gjekk me same vegen tilbake til Fredheim.

Me hadde ei lett snøbyge på turen.

Oddvar Drevsjø