Skjerveggen - Selset - Trænstølen

SKJERVEGGEN - SELSET - TRÆNSTØLEN
SKJERVEGGEN - SELSET - TRÆNSTØLEN Foto: Gir Henrik Styve

Me var 22 som starta frå Skjerveggen, me køyrde litt lenger ut i dalen og parkerte der.

Me gjekk forbi Hosåsstølen og Svavangastølen og fylgde vegen til endes. Herifrå fylgde me stien opp til Selset, bak turleiar Anders Skjerveggen. Der vart me godt mottekne når me kom opp til selet, av Ingrid Liland. Ho serverte både kaffi og pannekaker. Tusen takk til Ingrid for den gode oppvartinga! 

Frå Selset fekk me to ekstra personar med oss langs den gamle buføringsvegen til Trænstølen. Over fjellet fekk me flott utsikt. Frå Trænstølen gjekk me ned lia mot parkeringsplassen.

Alle var einige om at det var ein flott tur.

Helsing
Oddvar Drevsjø


Skrevet av Siri Flatlandsmo 24. juni 2020