Fennastølane - Steindro

Kveldstur frå Fennastølane toø Steindro 15. juli 2020.
Kveldstur frå Fennastølane toø Steindro 15. juli 2020. Foto: Bjarne Fosse

Kveldsturen 15.7 gjekk frå Fennastølane til Steindro. 

Frå parkeringsplassen gjekk me på sti over Svartadiket, med utsikt til stølane på Dalset, Krakalie og Latebakken. 

Bra med tur i denne delen av bygda, med opphald og bra sti. Andre stadar hadde regnet bøtta ned i periodar. 16 deltakarar var med, fleire for fyrste gong i dette området. Dei fekk med seg utsikt til fjella innover Raundalsryggen, med Storeflotten over Bu i Eidfjord langt bak.

Fin kveld i godt lag med god pause på eine stølen, med omvisning i stølshuset.

Turleiar: Kåre Dagestad
​​​​​​​Foto/tekst: Bjarne Fosse

Skrevet av Siri Flatlandsmo 16. juli 2020