Hustveit

Hustveit - Leidalstølen, 9. september 2020
Hustveit - Leidalstølen, 9. september 2020 Foto: Bente Daltveit

At ni pensjonistar vel å gå på tur med slike vêrmeldingar som denne onsdagen, er imponerande. 

Det var vatn både i sti og frå oven. Turen til Leidalsstølen blei derfor avlyst, men til Hustveit kom me. Her fekk me koma i hus og Bernt fortalde frå historien til garden, om David Larsen Hustveit , fødd i 1796,  og som fekk skøye på garden berre 16 år gamal.  Han vart skulelærar, forlikskommisær, bonde og den første ordføraren i Voss kommune. Det var han i to periodar på 8 år kvar.

Garden Hustveit er no ei stifting som ma har som føremål å setja husa i stand, noko dei nok treng god hjelp til.

David L. Hustveit døydde i 1870. Eitt av borna hans drog til Amerika og er oldefar til forfatteren  Siri Hustveit. - Dronning Sonja har uttalt at ho er djupt imponert over kva folk på slike avsidesliggjande gardar har klart og fått til . Eg er også det!

Tekst og foto: Bente Daltveit

Skrevet av Siri Flatlandsmo 10. september 2020