Hedler - Movåtno i Granvin

Hedler - Vatnaset, onsdagstur 16. septmber.
Hedler - Vatnaset, onsdagstur 16. septmber. Foto: Bjarne Fosse

I strålande haustver la 24 glade seniorar i veg på tur - til Granvin denne gongen. 

Dette var ukjent terreng for mange. Flott og variert landskap, frå bratte fjellsider med dramatisk historie til idylliske stølsområde ved blinkande vatn. Det var fint å gå med historia under føtene på den gamle postvegen mellom Ulvik og Granvin.

Me hadde god tid og det vart nok mang fine fotominne frå denne vakre haustdagen. Litt vått var det etter heftig regn dagen før, men med nokre våte tær og mange nøgde smil kom me til bilane heilt som planlagt.

Takk til alle for ein triveleg tur.

Helsing
Arne Hauso og Tove R. Jacobsen

Skrevet av Siri Flatlandsmo 18. september 2020