Lågterskeltur til Hjelleloftet

Lågterskeltur til Hjelleloftet med Voss Sogelag, 10. oktober.
Lågterskeltur til Hjelleloftet med Voss Sogelag, 10. oktober. Foto: Oddvar Drevsjø

Voss Sogelag og Voss Utferdslag gjekk saman og inviterte til lågterskeltur 10. oktober.

Sundagsturen gjekk til Hjelleloftet, og 16 nysgjerrige blei med. Kjell Himle fortalde historie om loftet og omvøla av loftet i 2019. Litt om Hjelleloftet. Bualoftet var bygd av Isak Tormodson Hjelle i 1787. Etter utskiftning i 1885 vart loftet flytta til sin noverande plass.

Loftet har vore brukt som matlager med kjøtvarer i 1. etasje og brødmat og korn i 2. etasje. 1958 vart loftet omvølt av Aslak J. Himle. Bygget vart på ny omvølt og heva i terrenget to meter i 2019. Alt materiale som er nytta er gamal furu hogd på garden Hjelle av Andreas Lauvås. Omvøla i 2019 er utført av Kjell Himle.

Tekst og foto: Oddvar Drevsjø

Skrevet av Siri Flatlandsmo 12. oktober 2020