Sundagstur til Finnbunuten

Finnbunuten, 21. mars 2021.
Finnbunuten, 21. mars 2021. Foto: Svein Jarl Hansen

Endeleg ein sundag med nokolunde fint vêr. 9 personar møtte opp til turen på Vikafjellet.

Målet var Finnbunuten. Vêrmeldinga melde sterk vind, så me var usikre på kor langt me ville komme. Innover Sendedalen var det lett vind og fint føre.

Vidare oppover auka vinden og føret veksla mellom skare og fokksnø. Til alle si gleda kom me oss på toppen, etter ei godt lagt løype. Fin nedskriing. Heimover Sendedalen i noko flatt lys.

Turopplevelsen vart toppa med mange gode historiar om området og lokale spelemenn. Vil tru fleire av oss gjekk heim og lytta til Bygdatråen på YouTube!

Takk for ein fin tur.

Turhelsing frå
Astrid Såkvitne og Kjersti Vik

Skrevet av Siri Flatlandsmo 23. mars 2021