Tur rundt Lundavatnet

Tur rundt Lundarvatnet, 29. april 2021.
Tur rundt Lundarvatnet, 29. april 2021. Foto: Oddvar Drevsjø

Me var 28 som starta turen ved Felleskjøpet.

Me gjekk Vasslii ned mot Lundarvatnet. Ved «steinen» fortalde Kjell Herheim om Barneheimen. Me gjekk forbi Lirhus, over Kvitheimsbrua og bort til Dukstadfossen der Kjell fortalde litt om livet her i frå eldre dagar.

Me gjekk vidare langs Melsvatnet og til Skulestad Skule. Me fylgde E16 til me tok av frå E16 og gjekk opp til Ringheim. Me tok ein liten pause ved Flaggstonghaugen. Me gjekk vidare ned gjennom Hagebyen og til Tvildemoen.

Alle var einige om at det hadde vore ein fin tur.

Me takkar Kjell Herheim for interessange forteljingar og historie under turen. Me takkar Felleskjøpet for parkering hjå dei.

Turleiar,
Oddvar Drevsjø

Tur rundt Lundarvatnet, 29. april 2021.
Tur rundt Lundarvatnet, 29. april 2021. Foto: Oddvar Drevsjø

Skrevet av Siri Flatlandsmo 28. april 2021