Sundagstur på Vikafjellet

På Urdeggi er det bratt på sidene.
På Urdeggi er det bratt på sidene. Foto: Siri Flatlandsmo

Det var kjekt å gjennomføra ein søndagstur på ski etter nedstenging på grunn av korona.

Planlagt langtur frå Vikafjellet til Bavallen vart endra til ein rundtur på Vikafjellet. Deltakarane måtte møta på parkeringsplassen ved grensa mellom Voss og Vik i hennhold til nye smittevernsreglar som ikkje tillet felles transport.

Vêret var strålande når me møttest og gjorde oss klare til turen. Me var 12 ivrige skigåarar som gjekk over vatnet, forbi stølen Sjelingen, sørvestover i jamn stigning oppover. Sola og motebakkane varma godt og me trong fleire drikkepausar på vegen oppover. Skabotsvarden var høgaste toppen på 1375 moh., med flott utsikt til alle fjella og til neste mål: Skjelinganose.

Vest for Skabotsvarden var det ei flott nedskriing mot Skjelinganosi med god styresnø. Nede ved vatnet tok me første matpausen i sola. Maten smakte og praten gjekk lett. Vidare i lett kupert terreng til neste topp. Frå Skjelinnganosi ser ein litt av Sognefjorden og til mange av dei flotte fjella i Sogn. Dette fjellet har mange bratte fjellsider og ein må velja rett veg ned. Dagens brattaste nedkjøring var litt krevjande men alle greide det fint. Nede i botten tok me fellene på igjen der me kryssa vegen til Kvilesteisvatnet. Vidare er det litt kupert med stigning mot Urdeggi. Ny matpause i ei sørside men no skya det til. Fortsatte oppover på egga mot toppen. Urdeggi er ei smal egg og det er best å gå til fots 200-300 meter før og forbi toppen for å auka tryggleiken. Alle synest at det var eit speselt fjell som var meir imponerande enn høda 1266 moh. tilsa. No er det nedover heilt til bilvegen men føret var heller hardt og me hadde fellene på til nede i dalen.

Dette var ein flott skitur saman med spreke og kjekke folk.


Fjellhelsing frå turleiarane,
Arvid Rykke og Jean-Christophe Scouarnec