Seniortur til Kyte (Hedleberget)

Rundtur på Kyte (Hedleberget), 2. juni 2021.
Rundtur på Kyte (Hedleberget), 2. juni 2021. Foto: Magnhild Opheim

Me var 17 som gjekk turløypa rundt hedleberget på Kyte.

Tekst: Oddvar Drevsjø
Foto: Magnhild Opheim
​​​​​​​

Turløypa var godt skilta med infotavler med historie om stadane langs ruta. Me starta på Kyte, gjekk forbi Norheim og fylgde den gamle vegen «Nedkvitnevegen» ned mot Almeland. Vidar gjekk me oppatt om Velesberget. Det var laga til benkar av skiferstein langs ruta, så det vart gode drikkepausar undervegs. Svein K. Kyte vart med oss siste delen av turen og fortalde om drifta i skiferbrotet. Me fekk omvisning i museumet og i hallen oppe på berget. I tidlegare tider var det arbeidsplass for 400 mann i skiferbrotet, og var Voss sin største arbeidsplass. No er det berre 1 att.

Me takkar Svein K. Kyte for omvisinga.