Bratt sundagstur til Kjeåsen

Sundagstur til Kjeåsen, 6. juni 2021.
Sundagstur til Kjeåsen, 6. juni 2021. Foto: Audun Hellevang

Heldigvis blei det ikkje knallsol denne dagen!

Med overskya og fin temperatur og var vêret heilt perfekt å vandre i. Turen til Kjeåsen er ikkje lang, men veldig bratt.

Heile 35 sprekingar var med på denne klateturen sundag 6. juni. Me starta ved fjorden og klatra oss opp lia på sti, over stokkar, i tau, stigar og gamle trapper. Etter eit par timar kom me opp til ei skrå grasslette med to gardar og fantastisk vakker utsikt.

På vegen ned att valde nokon å ta bussen, medan andre tok føtene fatt att. Som avslutting fekk ein del av oss seg eit velfortent og avkjølande bad i den turkise fjorden.

Tusen takk for turen!

Turleiarar:
Reidun Tveito, Audun Hellevang og Siri Flatlandsmo