Stølsklyppetur til Krokasetvatnet

Onsdagstur til Krokasetvatnet, 23. juni 2021.
Onsdagstur til Krokasetvatnet, 23. juni 2021. Foto: Alf Kissner

Me var 25 som gjekk i frå Liaset på jonsokaftan i flott vêr.

Me gjekk i lett stigning opp til Krokasetvatnet, der såg me demningen som dei brukte til å få vatn i kvernane på Hefte. Herifrå gjekk me vidare til murane der stølsturkassa hang. Her tok me oss ein god matpuse. Vidare fylgde me den oransje merkinga på andre sida av vatnet og bort til Storevarden. Frå Storevarden fylgde me merkinga ned til Liaset.

Alle var einige om at det var ein flott tur.

Helsing turleiar Oddvar Drevsjø

Skrevet av Siri Flatlandsmo 23. juni 2021