Vossamarsjen 2021: Tusen takk!

Timaglaset, Gråsida. Vossamarsjen 21. august 2021.
Timaglaset, Gråsida. Vossamarsjen 21. august 2021. Foto: Oddvar Drevsjø

Vossamarsjen 2021 blei ein suksess! Det takkar me både sponsorar, frivillige og alle flotte deltakara for.

Denne dagen hadde Voss Utferdslag vêrgudane med seg.

115 deltakarar møtte opp tidleg laurdagsmorgon på Holbergsplass. Nokre bussar gjekk om Dale og opp i Bergsdalen, andre raskaste vegen til Hodnaberg.

Langs vegen fekk alle kaffi, vafler, twist, spekemat, saft, laps

  • Om du er abonnent på avisa Hordaland kan du lese reportasjen "Vossamarsjen i draumevêr" her.

Ved målgang fekk alle t-skjorter, og 15 heldige fekk premiar. Tusen takk for gåver til desse bedriftene:

  • Endeve sport
  • Skandinavisk Høyfjellsutstyr Voss
  • Voss Active
  • Voss Kino
  • Vossabadet
  • Voss Gondol

Og tusen takk til sponsorane våre:

  • Voss Sparebank
  • Biltunet Voss
  • Avisa Hordaland
  • Voss Fiber
  • Endeve Sport
  • HMV Maskin
  • Voss Energi
  • Norli Vossevangen
  • Byggtorget Martin Lid Trelast
  • Voss Gass AS

Tusen takk til alle for ein nydeleg flott tur. Me gler oss alt til Vossamarsjen 2022!

Skrevet av Siri Flatlandsmo 3. september 2021