Seniortur Skår - Skeiset - Fagnastøl

Seniortur Skår - Skeiset - Fagnastøl, 1. september 2021.
Seniortur Skår - Skeiset - Fagnastøl, 1. september 2021. Foto: Kari Johanna Soldal

15 personar var med på turen Skår - Fagnastøl.  Frå morgon låge skoddeskyer, men til me var på Skår vart det berre sol!

Aslaug Irene møtte oss framfor eldhuset og fortalde om Skåramat, der garden no satsar på sau med foredling og sal direkte til forbrukar.

Med dyktigheit og mykje arbeid i 25 år har dei skapt ei livskraftig verksemd der dei leverer varer til mange kantar av landet.

Vidare til Skeidset-Odden og Fagnastøl gjekk på veg, sti og ein del myrar utan fukt.

Hovudpausen på Fagnastøl, under dei høgaste toppane i Voss Herad, Granvin alpane kan vera eit høveleg namn ?  At dei frå baksida (Raundalen) kallar det Raundalsryggen for så vera.

Turleiarane takkar for kjekt lag!


Helsing
​​​​​​​Bjarne Fosse og Kari Johanna Soldal


Skrevet av Siri Flatlandsmo 1. september 2021