Ei nydeleg helg til Hurrungane

Ei helg i Jotunheimen, august 2021.
Ei helg i Jotunheimen, august 2021. Foto: Knut Åkredalen

Jotunheimen viste seg frå si beste side denne helga.

Tekst: Bodil Atterås
Foto: Knut Åkredalen

I eit fantastisk vær hadde vi to flotte turar 27.-29. august. Den fyrste dagen gjekk vi opp Dyrhaugsryggen. Vi kom oss lett opp til dagens fyrste topp, Nordre Dyrhaugstind (2121 moh). Utsynet frå toppen var upåklageleg, med majestetiske Store Skagastølstind på eine sida og Store Ringstind og Store Austabotntind på den andre sida. Og når vi såg tilbake til Turtagrø, då såg vi heile Breheimen med Lodalskåpa langt der borte.

Vi skulle vidare til Store Dyrhaugstind, og då var det på med hjelmar og fram med motet. No skulle det klyvast i bratte fjellsida. Alle var med vidare, og alle kom seg «lett» bort på neste topp. Fantastisk at alle klarte det, for vi møtte mange den dagen som ikkje kom seg bort til Store Dyrhaugstind. Stemninga var på topp, og det var ein glad gjeng som returnerte til bilane.

Neste dag var vi på Store Soleibotntind (2083). Dette er ein lett og fin topp, og også her er det eit fantastisk utsyn frå toppen. Toppunktet er som eit lite tak, i motsetning til dagen før der det berre var plass til nokre få personar på toppunktet, og her lå vi og «slang» og koste oss i sola.

Alle var einige om at dette hadde vore ei utruleg flott helg.

Skrevet av Siri Flatlandsmo 31. august 2021