Tur til Reinstjørnedalen

Fyrjo - Reinstjørnedalen, september 2021
Fyrjo - Reinstjørnedalen, september 2021 Foto: Tove Fadnes

10 turglade personar var klare for tur denne onsdagen, i lettskya og fint turvêr.

Me gjekk frå Fyrjo i fint terreng innover Reintjønnadalen. Ein god pause ved lita steinbu ved Reinstjørnavatnet. Øvst i  skaret e det spor etter dyregraver. Vidare mot toppen i god stigning. Ikkje sti her, men greitt å gå. To vardar mot toppen. Ein med fin utsikt mot Vossestrand og litt høga med utsikt vestover. Greitt  nedstigning mot Fyrjo og ny pause ved vatnet i  dalen.

Til slutt samling i stølstunet til Lars med i info om stølane i dalen. 

Triveleg tur med kjekt turfølge.

Helsing turleiar
Tove Fadnes

Skrevet av Siri Flatlandsmo 15. september 2021