Sundagstur med opning av den nye hytta på Tvinnestølen

Opning av hytta på Tvinnestølen, 2.-3. oktober 2021
Opning av hytta på Tvinnestølen, 2.-3. oktober 2021 Foto: Audun Hellevang

Skikkeleg haustleg var det då me, 11 personar, reiste frå Vangen kl. 08.00.

Tekst: Olav Sognnæs

Det regna og blæs, og vermeldingane vidare for dagen var heller ikkje dei beste. På byrjinga av anleggsvegen ovanfor Århus måtte alle mann ut av bussen for å fjerna eit tre som hadde blæse over vegen.

Då me kom opp i Rapadalen kjende me kor vinden tok i bussen. Oppe på Voladammen stod vinden mot oss frå aust og det regna kraftig. Me måtte gå i jamnt tempo for å halda varmen. Store elvar gjorde at alle var meir eller mindre vart våte på føtene. Det vart ein liten pause ved gamle Tvinnestølstuftene ved Piksvatnet. Då me stod på høgda og såg ned mot nye Tvinnestølen var stemninga stor. Aldri, aldri før har me sett så stor pris på å koma inn i ei varm hytte.

Ja, og for ei fin hytte det er på Tvinnestølen no. Ei stove så fin med  vindaugs-ruter til alle kantar, innedo og tre fine soverom med tilsaman 12 sengeplassar. Her har den gode dugnadsgjengen gjort eit stort, stort arbeid. Stor takk til dei! Det var offisiell opning av hytta og styreleiar Ingebjørg Winjum klypte den raude snora. Turen vidare heim att gjekk ned Tvinnekleivane, forbi Preststølen til Afdal.

Turen var ei stor, haustleg oppleving.


Skrevet av Siri Flatlandsmo 3. oktober 2021