Tur til nedste Ulvundstølen

Tur til nedste Ulvundstølen, 2021.
Tur til nedste Ulvundstølen, 2021. Foto: Tordis Kronstad

Me var 16 friluftsglade seniorar som var klare for tur denne onsdagen. 

Me gjekk frå Sambygg på Vinje opp dei bratte bakkane til gamle Vinjo.  Derfrå  tok me gamle gangvegen utover mot Øyaseth.  Grei sti å gå med vekslande stigning.  Hovedpausen tok me  på Øyaseth.  Målet for turen var nedste Ulvundstølen, men etter rådslåing i matpausen vart det bestemt at me like godt kunne gå opp til øvste Ulvundstølen.  Etter overskya ver kom no sola gjennom, og gensarane måtte av.  Oppe på øvste stølen var Ingrid og Lars  og me fekk inn å sjå selet deira.  

På vegen nedatt  gjekk me om nedste Ulvundstølen.

Triveleg tur med kjekt turfylgje.


Helsing turleiarane 

Lars Lillethun og Lajla Selland


Skrevet av Siri Flatlandsmo 29. september 2021