Reflekstur i mørket

Reflekstur med Borna sitt turlag, 9. november 2021.
Reflekstur med Borna sitt turlag, 9. november 2021. Foto: Siri Flatlandsmo

Tysdag ettermiddag møtte nærare 50 personar opp for tur og bål ved Vangsvatnet.

Borna sitt turlag hengde opp ei løype med refleksar i skogen i Prestegardsmoen. Born og vaksne fekk prøve seg på kor mange dei fann, ved hjelp av lommelykter.

Etterpå var det kakao og varm saft rundt bålpanna. 

Takk for ein hyggeleg kveld i frisk luft!

Skrevet av Siri Flatlandsmo 10. november 2021