Klare for vinteren

Skredkveld på Tre Brør, 17. november.
Skredkveld på Tre Brør, 17. november. Foto: Siri Flatlandsmo

Onsdag blei rundt 30 personar litt betre rusta for ein vinter til fjells.

Denne kvelden delte Øystein Ormåsen og Carlos Abraldes Szigriszt frå Wild Voss generøst av kunnskapen sin om snøskred.

I det heimekoselege lokalet på Tre Brør Kafé låg alt til rette for ein triveleg kveld. Med ein praktisk innfallsvinkel gjekk dei gjennom viktige tema om ulike typar snø, terreng og mennesklege feil. 

Noko av det å ta med seg før første randotur kan vere: Viss du ikkje ville køyrt den linja utan skredutstyret du har, bør du ikkje køyre den med heller.

Tusen takk til alle som møtte opp! Lukke til i vinterfjellet, og hugs:

"The avalanche does not know that you are an expert"

Skrevet av Siri Flatlandsmo 18. november 2021