Vikafjell - Bavallen

Nydeleg tur frå Vikafjell til Bavallen, 1. mai.
Nydeleg tur frå Vikafjell til Bavallen, 1. mai. Foto: Jean-Christophe Scouranec

Vintersesongen vart avslutta med ein klassikar! 28 deltakarar og tre turleiarar fekk ein stålande tur i vårsola sundag 1. mai. Les referat og sjå fleire bilete under.

Nokre dagar før sundagsturen var vêrmeldingane mindre gode og me rekna med at det var nok plass i ein minibuss. Turen kan kun gjennomførast når det er god sikt i høgfjellet. Vêrmeldingane vart betre på torsdagen og fleire ville vera med. Me bestilte ein minibuss til og siste plassen vart reservert seint fredag kveld.

Sundag morgon var det strålande solskinn med ein nordlig trekk. Flott av Voss Transportservise å koma med ein stor buss. Dei plukka opp fire påmeldte på vegen og 28 deltakarar + 3 turleiarar gjekk av bussen ved Telegrafhytta. 

Turen starta og mange hadde på kortfeller, nokre med smurde ski. Føret var hardt med eit snødryss oppå og det gjekk fort bort til fyrste stopp på Lars Ola-vatnet. Vidare innover Sendedalen og så svinga det i retning Rypeskaret. Kort drikke- og sjokoladepause i herleg vårsol før me gjekk gjennom Rypeskaret og vidare nedover til Murane i fin fart. På kanten over Murane såg me eit mørkt dyr som sprang på ei snøflate. Det var mange forslag på kva dyr det var. God matpause ved Murane - her er rester etter gamle murer så namnet passa svært godt.

Feller på, forbi Blåeggi og til Mykjedalsvatnet. Godt fiskevatn med mykje is oppå. Liten pause før det gjekk oppover til Skreieggi og Svartenut og slak nedskriing i retning Tvinnestølen. Der passa det med matpause og alle var glade for det.

Så gjekk det bortover på høgdene over Tvinnestølen. Me stoppa for å sjå den nye sikringshytta og skavlen bak hyttene, der sommarstien går. Vidare gjekk me forbi Storebrekkene, Hunden og den siste seige motbakken opp til Lønahorgi. Her var det av med fellene og turen vart avslutta med lang nedskriing til Tråstølen.

Veldig kjekk tur med ein sprek gjeng frå 18 år til godt opp i 70-åra.

Tusen takk for ein flott tur!

Frå turleiarane Arvid Rykke, Kjersti Vik og Jean-Christophe Scouranec​​​​​​​

Skrive av Arvid Rykke


Skrevet av Margrethe Alm 4. mai 2022