Tur til Reime med Voss Sogelag

Laurdag 28. mai arrangerte Voss Utferdslag og Voss Sogelag tur til Reime.
Laurdag 28. mai arrangerte Voss Utferdslag og Voss Sogelag tur til Reime. Foto: Oddvar Drevsjø

Laurdag 28. mai var 27 deltakarar med på lågterskeltur til Reime med Voss Utferdslag og Voss Sogelag. 

Turleiar Reidar Reime hadde mykje å fortelja om NM i alpint i 1939 som gjekk frå Olsskavlen og ned til Reime.  Vidare fortalde han om hoppbakken, hyttene i området, slekt og andre hendingar under turen.

Me starta turen på Brekke og gjekk opp forbi Øvsthus, under den gamle hoppbakken og vidare på den gamle vegen til Bakken. Her hadde me ein god pause med litt brus og bollar. Etterpå gjekk me ned og såg på tufter etter gamle husmannsplassar.

Voss Sogelag og Voss Utferdslag takkar Reidar Reime for ein flott og interessant tur!

Skrevet av Margrethe Alm 30. mai 2022