Seniortur: Stalheim - Haugsvik

Onsdag 1. juni gjekk seniorgruppa frå Stalheim til Haugsvik.
Foto: Geir Henrik Styve
Denne onsdagen var 19 seniorar med på kveldstur frå Stalheim til Haugsvik.
Me fylgde me den gamle kongevegen til Haugsvik. Leif Inge Hauge som var med på turen delte mykje kunnskap om den gamle kongevegen og om gamle husmannsplassar langs vegen. Då me kom til Tveito fekk me sjå ein elg nede på bakkane. På vegen gjekk me forbi Brattland, Senjæ og vidare forbi gardane Slen, Tveito, Lunde og til slutt Hauge og Rygg. På Hauge gjekk me forbi den gamle tingstova.
Me takkar Leif Inge Hauge for han vart med på turen og hadde mykje interessant å fortelja.
Turleiar denne onsdagen var Oddvar Drevsjø.