Tur til Roset (rundtur)

Foto: Tordis Kronstad

Me var 15 som gjekk i frå saga på Hjelle. 

Me tok av den T-merka stien då me kom opp på myra. Herifrå gjekk me bort til skogsvegen som kjem frå Dymbe. Me fylgde skogsvegen til endes og gjekk vidare på sti opp til stølen Roset, der me tok ein god pause.

Så gjekk me vidare ned til Rosethytta, og her måtte me berre nyta den flotte utsikta ut over Voss. Så fylgde me den T-merka stien ned til saga att. Tusen takk for ein flott sommarkveldstur! 

Turleiar var Oddvar Drevsjø. 

Skrevet av Margrethe Alm 9. juni 2022