Gåvetips!

HYTTETUR

Gje vekk ein hyttetur og deg sjølv som turfylge! Dagstur, overnatting eller ei heil helg. Hytter er det nok av; DNT har 550 hytter over hele landet; ubetente, sjølvbetente og betente. Les meir her. 

MEDLEMSKAP

Eit DNT-medlemskap gir flotte naturopplevingar, rabatt på overnatting på DNT hytter, turar, kurs og andre aktivitetar, samt mange andre fordeler. I tillegg er du med å støtte arbeidet med å merke stiar, vedlikehalde hytter og kviste løyper. Meld deg inn og få medlemskap ut 2017 med på kjøpet.Les meir her. 

BOKA 26 KJAPPE KURS I FRILUFTSLIV

Er du stø på å overnatte i naturen, tenne bål eller korleis du ferdast trygt på is? Ynskjer du tips til korkleis du får fisk? Boka gir deg ei innføring i utvalgte tema som du vil ha god bruk for når du skal ut på tur, slik at du kan utøve friluftsliv på en trygg og god måte. Boka kjem for salg i veke 48. 

UTEMIDDAG

Å bli invitert på middag er alltid kjekt, men det er noko ekstra med eit måtid utandørs. Invitèr til ein ettermiddagstur i nærmiljøet og middag frå bål, primus eller termos. Garantert ein vinnar i vintermørket. Her er tips til meny. 

JUBILEUMSBOKA KUNSTEN Å VANDRE

2018 er året der DNT fyller 150 år. Me jubilerer med ei bok om 12 ukjende turperler, område og turstiar som få har gått før. Boka er for alle som likar å gå i fjellet, som vil sjå mangfaldet og finne nye turmål. I salg fra 21. november. 

TUR MED TURLEDER

Mange drøymer om å gå ein lengre tur i fjellet, men er usikre på om dei tør å sette av garde aleine. Kanskje kan draumen om kvite vidder bli til verkeleg gjennom ei gåve frå deg? DNT tilbyr mange fellesturar med erfarne turleiarar. Gå hit for å finne ein tur som passar

Gje ei oppleving i gåve!  Spar miljøet, drop shoppingmaset og gje minne som varar.