Hytte-til-hytte-tur!

Vel turar som passar formen du er i og som heile turfølget vil meistra. Ta høgde for tidleg skumring og legg heller opp til ekstra tid til å gå enn for lite. Då får de samtidig meir tid til peiskos, god mat, samtalar og ro, noko som også er en viktig del av haustturen.

Finn roa i fjellet! 



Telttur
Telttur Foto: Linn Bjørlo



​​​​​​​Gå på lommelykttur.

Med kortare dagar er kveldstur med lommelykt tingen. Borna synes det er moro og spanande, for det meste ser ganske så annleis ut i lyset frå lykta. Eit tips er å henga opp nokre refleks undervegs. Då er det både lettare og kjekkare å finna vegen.

Eller kva med å lage eit skattekart og legga ut små skattar i hagen eller skogen?


Godt med matpakke på tur!
Godt med matpakke på tur! Foto: Eilert Aamodt

Bu fast på ei hytte og gå dagsturar!

DNT har til saman 550 ubetjente, sjølvbetjente og betjente hytter over heile landet. I vårt område finst det 7. Hytter for liten og stor som ein kan ta flotte dagsturar frå eller berre nyte late dagar,lese bok, med fri frå alt.

Dei familievenlege hyttene Torfinnsheim, Volahytta og Rosethytta er glimrande stader for peiskos, god tid saman, og dagsturar med eller utan fiskestang. Invitèr gjerne vener med, det er ekstra kjekt å gå ilag på tur.


Foto Ellen Næsje
Foto Ellen Næsje

Bu i telt!

Å overnatta i telt er spanande, spesielt når det vert mørkt tidleg. Pass på å ha varme ullklede og hue med, og hald på varmen fram til du legg deg i soveposen. Frys du likevel kan det hjelpe med ei flaske med varmt vatn på som varmekjelde.

Litt aktiv leik før leggetid gjer og kroppen varm. Ei ekstra lyskjelde er òg viktig – hovudykt eller lommelykt til lesestunda i soveposen.

(hugs ekstra batteri/powerpack).




Foto: Kirstina Reitan

Et ute!

Mat må ein ha, og kombinerer ein tur med middag, vert det lettare å komme seg ut. Inviter med familie eller vener på haustpiknik.

Gå for enkle rettar som kan lagast på bål eller stormkjøkken. Eller endå enklare; lag maten heime og ha middagen klar i boks og på mat-termos.



Fleire turtips:

Padle i dei flotte fjordane rundt oss – opplev magien mange reiser langt for. Sykle ein tur på stølsveg og sti – kanskje Rallarvegen står for tur? Gå på skattejakt i skogen – fyll korga med sopp før vinteren. Sov under open himmelen - frå fjellet ser stjernene ekstra store ut. Ta turen til topps – snart er snøen her og fotturen må vente til neste år.

God tur!