Våre hytter

Hyttene til Voss Utferdslag er opne! Du kan dra på spontantur, eller du kan tinga overnatting på førehand.

Alle gjester skal skrive seg inn i besøksprotokoll straks dei kjem til hytta. Uttak av proviant på hytter der det er aktuelt, skal førast på lista «Betalingsfullmakt», som ligg på hyttene.  Dette skal betalast før avreise frå hytta.

Voss Utferdslag ynskjer alle ein god tur til våre hytter!

Som DNT-medlem får du rabatt på over 500 hytter, 8  av dei i Vossafjella. 

Voss Utferdslag har både sjølvbetjente og ubetjente hytter. Frå særeigne små krypinn langt til fjells, til romslege og barnevenlege hytter med relativt lett tilkomst.

Dei sjølvbetjente hyttene har fullt utstyrt kjøkken, soverom, opphaldsrom, proviantlager, gass og ved.  Dei ubetjente hyttene har samme standard, men ikkje proviant.

Det T-merkte rutenettet i fjellet byr på utallege turmoglegheiter. Nedanfor finn du ei oversikt over hyttene våre. 

Grindaflethytta som er ei sjølvbeteningshytte og open heile året, ligg ved Grindafletvatni.

Vipps-nr.: 546285

Hytta ligg 1275 meter over havet, eit lite stykke ute på ryggen som i nord skil Kaldavatnet i to. 

Vipps-nr.: 546301

Ligg 670 moh. på Gråsida, med panorama utsikt over vossevangen og fjella omkring.

Vipps-nr.: 546300

Torvedalshytta ligg i trekanten mellom Engjalandsdalen, Myrkdalen og Eksingedalen.   

Vipps-nr.: 546284

Hytta ligg i Torfinnsdalen, omlag midt på Gråsida.


Vipps-nr.: 546281

Hytta ligg i fjellet vest for Tvinne, med kort veg vidare til Volahytta.

Vipps-nr.: 546282​​​​​​​

Hytta ligg på austsida av Volavatnet.


Vipps-nr.: 546283

Hytta ligg ved Torfinnsvatnet i vestenden av Gråsidefjellet i den sørlege delen av Voss.

Vipps-nr.: 546280

Andre hytter:

Rongastovo er ein del av DNT-systemet og denne sommaren er det ei delvis sjølvbetjent løning. 

Flotte Kårdal fjellstove har teikna rabattavtale med Voss Utferdslag for alle DNT medlemmer! Velkomen til fjells i eit fantastisk turområde! ​​​​​​​