program 2016

Foto: Anne Gjeraker

Programinnhald

Voss Utferdslag har nærare 100 planlagte aktivitetar i 2016. I tillegg vil det kome turar og kurs som ikkje er forhåndsannonsert i katalogen vår. 

På papirprogrammet vårt vil du kunne sjå kva aktivitet som skjer og kven det passar for. Pass på at for mange av arrangementa, turar og aktivitetar, så må ein  melde seg på i forkant. 

For arrangement som kostar noko vil du få rabatt som DNT medlem. Nytt av året er familiemedlemskap.

Alle med på tur

2016 vil være eit år med fokus på familie. Mange av årets aktivitetar er difor tilrettelagt for at både liten og stor, sprek og ikkje fullt så sprek, kan delta saman. Lurar du på om arrangementet passar for deg, eller treng hjelp til planlegging er du velkomen til å ta kontakt med oss. 

Foto: Live Andrea Sulheim