Kaldavass – Vassfjøra, 2. -4. februar - 2018


Vi var 7 personar som la i veg frå Upsete stasjon på fredags kveld - under ein utruleg flott stjernehimmel. Endå flottare vart det då månen kom fram! Heldigvis for oss 7, så hadde 2 av deltakarane gått til hytta tidlegare på dagen. Hytta var god og varm, toalettet var spadd fram, og suppa stod og putra på ovnen då vi kom fram rundt kl 2230. På laurdagen var det tidleg opp. Vi skulle på Vassfjøra. Det var kaldt! Føret var heller trått, men vi kom oss greitt opp til toppen. Der tok vi oss tid til å nyte utsikta. For eit skue! På vegen tilbake til hytta ivra fleire for å gå på Øykjafonn, og slik vart det. Ein liten delegasjon gjekk tilbake til hytta og gjorde klar middagen. Ungarsk gulasjsuppe gjorde stor suksess i fjellheimen. Sundag var ny turdag med nye toppar: Trollanut og Fossdalsskavlen. Dei sprekaste fekk med seg Bleienuten óg. Her fekk vi utsikt andre vegen. Med sol og klarvêr kunne vi sjå heilt til Hurrungane. Nedrennet ned Breidalen vart ikkje så bra som vi hadde håpa på. Brottskare og fokksnø gjorde det vanskeleg, og det vart knall og fall på dei fleste av oss. Men, alle var einige om at det hadde vore ei flott helg med flotte turar! Takk for turen! Fleire bilete her. Helsing turleiarane Bodil Atterås og Frode Atterås. 

Topptur og Skredfarevurdering 27.- 28. jan

Etter  teorikurs tidlegare i veka var det dags for å praktisere det ein hadde fått innføring i. Ei innhaldsrik helg i Breidalen med mykje vær venta denne gjengen i helga. Med utfordrande snøforhold var læringsutbyttet desto større. 
Meir foto her 

Kvålsdalen 14. januar 2018

Sju glade sjeler møtte opp med forventningar om ein vindfull tur opp gjennom Kvålsdalen til Torfinnsheim. Det var klart, fint ver med hardt, godt føre oppover bakkane. Vi såg mange ryper opp mot Kvålsdalen, elles var vi ganske åleine i fjellheimen. - Men vinden som var meldt kom aldri. Det var heilt vindstille på Torfinnsheim med eit par kalde grader. Turen gjekk i eit roleg, jamnt tempo og vi brukte ikkje stort meir enn tre timar på heile skituren. Nedturen gjekk greitt på litt vekslande føre. Alle kom glade ned med eit smil rundt munnen. Tekst Olav Sognnæs/Bilete Astrid Såkvitne

Reflekstur og eventyrstund i skogen 21.11.2017

Tusen takk for turen alle saman! Eg talde 110 store og små som var med på tur inn i skogen for å finne vegen igjennom refleksløypa og høyre på spanande eventyr om troll. Takk til Astrid Sudmann og hennar forteljarkunst. 

Mjølfjell 2. november 2017

Brua over Raundalselva, frå Mjølfjell til Urdlandsstølen, er no teke inn for vinteren.

Torvedalen 20. - 22. oktober 2017

Bruene i Kvitanosdalen og Torvedalselvi er tekne inn for sesongen. Hyttene er klargjort for vinteren. Velkomne til fjells.

Beste helsing Hyttetilsynet.

Volahytta / Tvinnestølen 22.10.2017

Bruene er tekne inn og haustdugnad på hyttene utført denne helga. Velkomen til fjells og nyoppinnreda hytter. Helsing hyttestyra!

Klikk her for å skrive tekst.

Kyte - Raudkjeldo 18.oktober 2017

Seniorgruppa avslutta sesongen med tur frå Kyte til Raudkjelda. 22 deltakarar var med på turen i fint haustver med skyfri himmel, ikkje vind og lufttemperatur frå minus om morgonen til 10 plusgrader utpå dagen. Lydar Veum og Gunnar Gjerme, lokalkjende og heimehøyrande på Kyte, viste meir enn vegen me skulle gå. Gamle Raundalsvegen var ferdslevegen frå Voss mot Rundalen før det vart bygt veg i Rastalia på 1700 - 1800 tallet. Huset på plassen Svartaberget står, at det vart vurderte bygging av sanatorium før Harastølen kom vart sagt men ikkje dokumentert. Vidare gravrøyser langs vegen før stølen på Måset, ikkje hus her lenger. Raudkjelda var endepunkt, men i dag var den ikkje raud noko regnet i haust fekk skulda for. Matpausen på Skjevlingen vart lang i fina veret, Ugla i grantretoppen fylgde med på kva som gjekk føre seg. Retur gamle stølsvegen, her vart det demo av Røvovn, fangstmåte for rev, og vidare til bilane langs Svinåni. Deler av Kong Sverres saga vart gått gjennom av Lydar, mest det som skjedde i Kyte - Raundalen, han hadde set spor etter seg. Takk til turleiarane Lydar Veum og Gunnar Gjerme for ein kjekk turdag med masse kultur til. Turleiar / tekst : Bjarne Fosse.  Meir bilete her

Grindaflethytta 08.10.2017

Bruene på rutene Ljosandbotn, Upsete og Flåm til Grindaflethytta er nå tekne ned. På ruta Fyre til hytta er det ikkje bruer, slik at hytta er tilgjengeleg og open.

Friskus i friluft, september - oktober 2017

Er eit samarbeid mellom Voss jeger og fiskarlag og Voss Utferdslag, der målet var å lage eit aktivitetstilbod for ungdom gjennom introduksjon til friluftslivet. Det er eit kurs der den einskilde skal lære nok til å være rusta til å være aktiv ute på eigehand.

Tidleg i september møttes ein gjeng på 11 deltakarar for fyrste gong. 4 jenter og 7 gutar var klar for nokre dagar med lærdom og sosialt samvær. På planen stod innføring i basis friluftsliv i løpet av fire deler, gjennom turar i skog og fjell, fiske i elv og vatn, bruk av kart og kompass, og lage mat i det fri.  

Friskusgjengen er no ferdig med kurset sitt. Me har gått tur, lært om DNT og naturforvaltning. Ein aktiv gjeng, som ser ut til å trivast svært godt med å være ute, har møtt trufast opp. Me laga mat på bål, fiska, lært å lese kart og å bruke kompass. Litt regn og snø har ikkje stoppa engasjementet. Og me har padla, laga norsk og syrisk mat på bål, lært å planlegge tur og leika.

Siste gongen var me saman ein heil dag og tok turen til eit snøkledd Vikafjell og Sendedalen. Her vart det øving på å ta ut kurs, lese terreng, kartteikn og det å finne fram. Ved Lars-Ola vatnet laga me pannekaker, fiska litt og fekk høyre Magne fortelle sannsoger frå området.

Gjennom å møte kvarandre fleire gonger, over lengre tid, er nye venskap oppstått. På tvers av alder, kjønn og nasjonalitet – og me kan trygt sei at vårt håp om at det skulle bli lærerikt og sosialt på fleire måtar gjekk i oppfylling. Me vil takke for ei flott tid med ein positiv og glad gjeng. " Me vil på tur igjen!". "Når kan me gjere dette igjen?" var avsluttings kommentarane siste dagen – det gler oss å høyre.

Takk og til Voss vidaregåande skule for utlån av utstyr og elevane Trygve, Fredrik, Agnete, Hedda, Johanne, Endre, Lasse og Aleksander for god hjelp! Meir bileteher 

Magne Sørestrand og Toril Hunnålvatn

Såto / Fennastølane. 8. oktober

Sundagstur med Voss Utferdslag 8.oktober, til Såto/Fennastølane. 13 personar var med på denne turen. Olav Knapstad var med oss som kjentmann og turleiar. Me starta frå Vangen i tjukk skodde. Då me forlot bilane i Glenno, var det sol og ikkje ei sky på himmelen. Fyrste pause tok me på Opelandsstølen. Flott utsikt til fjella, men skodda låg tjukk under oss. Anna Istad formidla historie frå denne stølen og nærområde. Me fekk og koma inn i stølshuset og sjå, der gamal stil var godt ivareteken. Så gjekk me vidare gjennom fin gamal bjørkeskog, og neste stopp var Lyingaskarvet ( - ikkje Lyningaskarvet ). Fantastisk utsikt, men framleis skodde under oss. Turen gjekk så til Storesåto, høgaste punktet på turen, 935 m.o.h. På veg dit vart det observert hjort som for springande. Her var flott utsikt i alle retningar, og skodda hadde letta nede i bygda og.Turen gjekk så tilbake om Fennastølane. Meir bilete her 

Takk for triveleg tur/lag!!! Kari Johanna

Bulko - Horgastølen - Lyklaset  4. oktober 2017

Det møtte opp 7 turdeltakarar sjølv om  det regna godt og det hadde det stort sett gjort denne veka. Det er berre å slå fast at blant desse finst det verken dårleg ver eller dårlege kler.

Til tider var det ufysleg, vatnet rann over alt og småbekkar var krevjande å forsera, med tett vadlasletta inn mot Horgastølen.  Hausten er komme.

Tur i dårleg ver med vått terreng er krevjande men og oppleving i naturen som er annleis enn i fint ver, noko å ha med seg det og.

Alle kom seg heile heim att takka vera kjekke deltakarar som hadde hjelpande hender der det trengst. Meir bilete her


Takk for fylgje frå turleiarane Anna Opeland Istad og Bjarne Fosse.

Afdal - Løyning - Staup 1. oktober 2017

Etter fleire dagar med regn var turleiarane spent på kor mange som ville møta opp til sundagsturen til stølane ovanfor Løno. Tidleg om morgon låg skydekket lågt over bygda, men skodda og skyene vart raskt lettare. Vi var åtte personar som la i veg til eit turområde som truleg er altfor lite brukt. Turen gjekk frå Høyland til stølen Løyning som er stølen til Bergo og Høyland. Her tok vi lunsjpausen. Stølen ligg over tregrensa og utsikten frå Løyning er utruleg flott. Vidare gjekk turen til stølane Breiming og Moldbakken. Her møtte vi på sauer og storfe av fleire rasar. Vi fekk ikkje ein dråpe med regn på oss og det var utruleg tørt i gras og lyng. Fleire gav uttrykk for at dei var overraska over kor store «flate» område det er over Løno.

Turleiar Kristian Østrem

Sveindalen 27.09.2017

19 personar var med på turen som starta frå Hodnaberg og følgde gamle kløvjavegen til stølane i Sveindalen.  Etter ein pause på på heime-stølen til Arne gjekk med vidare i lende mot Øyaset med god utsikt til stølar og hytter på nordsida av Hamlagrøvatnet, retur til bilane langs bilvegen til Sveindalsøyane. Veret var fint, lettskya og sol, frisk bris på utsette stader og god formidling om stølane av Arne. meir bilete her

Turleiarar var Arne Djukastein og Bjarne Fosse.


Berge - Evanger 24.9.17

Me vart 17 som starta frå Berge i strålande sol etter ein fin busstur over Hamlagrø. Fekk fort opp temperaturen opp dei bratte kneikane frå Øykjabotn.

Skya meir til utover dagen, men fin temperatur og ein svak austleg bris. Ved stølen i Vossedalen fekk me og sett ein liten flokk reinsdyr, ca 15. Turen gjekk greitt utan uhell og alle var nede ved bussen 15 min før tid-skjema, sjølv om nedstiginga på bratt grusveg var krevjande nok. Turleiarane, Olav og Audun,  takkar alle for at de vart med og gjorde dette til nok ein fin sundagstur i regi av Voss Utferdslag. Meir bilete her

Audun Hellevang

Øvraset - Hordalsnuten  20.09.2017.

Oppsett tur var Horndalsnuten, vermelding med regn heile dagen med våt og skoddetung morgon var ikkje beste reklamen. Det møtte likevel 8 deltakarar og 3 turleiarar, som alle hadde tenkt seg på tur. Frå bilane på Øvraset var det opphalde med sikt fleire hundre meter så dette lova godt, men før me kom til Budalen vart det regn, etterkvart meir regn og innimellom mykje regn, berre opphaldsbya manglar. Godt å ha sti innover Gullringsdalen og med hol i sky / skodda fekk me utsyn til Steindro. Vel framme til Modalsvatn var det tid for mat, her var det vatnPÅ brød, i staden for attmed. Med sikt nesten over vatnet var det enkelt for turleiarane å bestemma - me gjer ikkje noko forsøk på å nå toppen. Turen tilbake gjekk etter stien me kom, men utsikten var framleis mest grå. Me fekk oppleva å sjå Ørna med eit stup frå Veten og inn Gullringsdalen ! Kjekt å vera med slikt lag, godt humør og ikkje noko klaging trass blautt, vått og glatte steinar i stien med bekkar som vart elvafar på returen, og attesten frå deltakarane var - Fin Tur. Turleiarar var Arne Hauso, Svein Jarl Hansen og Bjarne Fosse. Meir bilete her

Nyestølen (Rong) – Hjelle 17. september 2017

Me var tolv turdeltakarar som sundagsmorgonen tok bussen til Nyestølen på Bordalen i eit strålande haustver. Strekninga me skulle gå; frå Nyestølen til Hjelle er omlag som den 18. etappen på Bergensstien, den går frå Rong til Torfinnsheim. Først gjekk me på bratt skogsveg til Kulset. Her fekk me god informasjon om stølen av Bjarne Hjelle. Vidare gjekk me på T-merka sti oppover lia forbi nordenden av Horgavatnet. Her tok me første matpausen. Vidare til topp 1279 moh. og over Skjemmehorgi. Det vart og tid til litt vardebygging og maling av raude T-ar. I eit fantastisk vilt og vakkert landskap tok me andre matpausen før me kryssa Torfinnsdalen aust for Torfinnshorgi til me møtte stien mellom Hjelle og Torfinnsheim omlag rett sør for Gråsidetoppen. Vidare nedover Sandfjellet om Rosetstølen og til saga på Hjelle der bussen venta. Takk for turen!  Turleiarar Oddvar Drevsjø og Sverre Kvitne

Meir foto her

Sundvestølen 13.09.2017

16 personer møtte opp til seniorturen. På grunn av mykje regn i det siste vart turen lagt til Sundvesstølen, storaraset og rundt Noltane. Total lengd 6 km og ca 340 høgdemeter. Det vart ein fin tur, sola kom fram og humøret såg ut til å være på topp. Nistepausen tok vi ved storaraset. Der hadde vi fin utsikt mot Myrkdalen og mot Vinje. Det hadde vi også av stølane Fossen, Ulvund og Øyaset Tilbake på Vangen ca kl 1500 Turleiarar Alf Kissner og Lajla Selland

Grimsnuten vest for Grimo 10.09.2017.

Sundagsmorgon vakna vi til ein regntung dag, men fem turdeltakarar møtte fram på Holbergsplass. Yr.no sine meldingar var gode for fjella vest for Sørfjorden så vi pakka oss saman i ein bil og la i veg til Grimo. Yr.no hadde rett. Det låg berre litt skodda på nokre av dei høgaste fjelltoppane rundt Sørfjorden og Samlafjorden. Det er flott utsikt frå Grimsnuten i alle himmelretningar. Vi fekk ein flott tur i eit haustfarga fjell. Turdeltakarane var begeistra. Her skal dei opp ein gong til når det er skyfri himmel og sol. Ikkje ein regndråpe fekk me på heile turen. Turen opp gjekk etter den planlagde ruta, medan turen ned att gjekk om Grønaskar.

Turleiar Kristian Østrem

Vossamarsjen 2017 - 3. september

Omlag 150 vossingar var på tur i fjellet på denne strålande dagen. Turgåarar og frivillige som fekk nyte haustsola med verdas finaste utsikt! 
Igjen var det tilrettlagt for tur i området Roset – Gråsidetoppen – Timaglaset. Nytt i år var borna sin eigen topp - TURBOTOPPEN!! Her venta TURBOreven på alle små og store som tok turen innom.
På fyrste stopp, Roset, venta kaffi og heimebakt kake, saft og kaffi venta på dei som hadde tid til å kose seg med det. Ein del av vandrarane valgte å bli på Roset og kosa seg der heile dagen. Andre vandra vidare til Turbotoppen og Gråsidetoppen, og nokre tok turen heilt til Timaglaset. ! 
TURBO helsar og seier at han var strålande nøgd med at så mange ville kome og helse på han – og ikkje minst fordi han fekk så mange gode klemmar! Han vonar å sjå alle igjen til neste år
Vel tilbake på torget smaka det godt med varm lapskaus og saft etter ein lang dag i fjellet. Der var også trekningslista ferdig og 21 heldige vinnarar fekk flotte premiar. Takk til Voss Vind, Skandinavisk høgfjellsutstyr, MX- sport, Sport 1, Vossabadet og Voss kino for dei fine premiane! 
Me vil og takke våre sponsorar under arrangementet: Biltunet Voss, Voss Liftutleige, Bystøl entrepenør AS, HMW maskin AS, Voss Stein AS, og Voss gass AS:
Me håpar at alle som var med i år, samt vener og kjente, blir med oss til neste år, på Vossamarsjen 2018! Kanskje ventar det ei ekstra overrasking for dei som har delteke 3 år på rad ? Meir bilete her

Upsete - Kaldavasshytta - Myrdal 30. august 2017

Det var stor trafikk på stien til Kaldevasshytta på onsdag då seniorane var på tur dit. Me traff 50 elevar/lærarar frå Voss Gymnas, 30 flotte kyr og 10 sauer på beite, 5 lemen og 4 ryper , så dette var på alle måter ein opplevingstur ! Turleiarane var godt nøgde med att 12 seniorar hadde trossa dei litt dramatiske vermeldingane og teke seg ut til høgfjellet denne dagen. Og veret var som det var, med alt frå sol og stille, til skodde og regn med vind i kasta. Godt då å bli oppvarma i " gamlahytto" på Kaldavass då me hadde nistepause der. Der var det og stemning for å gå resten av turen ned til Myrdal med tog heim att der frå. Alle kom seg velberga ned, sjølv om nokre av av oss var litt i vilreie då me skulle passera dei brattaste partia . I alle høve var alle samde om at det er best å gå på ein slik tur ilag med kjendtfolk.  Seniorturane til Voss Utferdslag er ein god måte til å verta kjendt med nye og spanande stader i fjella våre. Så lat ikkje sjansen gå frå deg neste gong ! Meir bilete her ​​​​​​​


Bente Daltveit


4 2000-metertoppar rundt Leirvassbu 25. - 27. september 2017

​​​​​​​

Dette vart ei utruleg flott helg! Vi hadde strålande vêr med full sol og og lite vind. Tenk så heldige vi var!

4 2000-metertoppar, fleire luftige trasear: her var det mange som kjente på meistringsfølelsen. Det var ekstra kjekt at alle kom seg opp på alle 4 toppane, og no er det nok fleire som har byrja å samle på 2000-metertoppar. På laurdagen gjekk vi i 10 timar, og vi fekk med oss Langvasshøe, Visbretinden og majestetiske Kyrkja. Det var nok fleire hundre personar på Kyrkja denne dagen. Det var kø opp ura. Dagen vart avslutta med ein 3-rettars middag på Leirvassbu. Det er kjekt å vere på tur og ete middag saman.

På sundagen stod Stetinden for tur. Her gjekk vi over eit heller luftig band, og siste stykket opp til toppen måtte ein bruke både armar og bein. På toppen hadde vi eit mektig utsyn mot toppane i Jotunheimen. Vi hadde nærkontakt med Smørstabbreen og Storebjørn. I horisonten såg vi Hurrungane og Gjendesalpane. Dette ga meirsmak, og alle vil på ny 2000-metertur til neste år.


Tekst: Bodil Atterås

Foto: Bodil Atterås, Kristi Haugsgjerd, Ottar Fjose. Meir foto her

Kvanndal – Rong  27. august 2017

Me var 31 deltakarar som starta i strålande sommarver i Kvanndal sundag morgon.  Strekningen me skulle gå frå Kvanndal til Rong er den 17. etappen på Bergensstien. Spesielt denne gongen var at fleire av turdeltakarane også hadde  vore deltakarar på  laurdagens seminar i kulturhuset på Voss: "Vassdragsvern og flaum – kven har ansvar? "

Synnøve Kvamme, ein av deltakarane, naturvernar, skribent og aktivist. Ho har som ungdomsleiar i Granvin Ungdomsråd og leiar i Hardangeraksjonen, vore sterkt engasjert i den såkalte Monstermast-saken i Hardanger. Ho var med som ”kjentmann” og undervegs fortalde om vassdragsutbygging, stølsdrift og monstermaster.

Første stopp var ved brua inne i Kvanndalen, der me fekk orientering om planane til Hardanger Energi om overføring av vatn frå Kvanndalselva til Folkedal.

Vidare i bratt terreng opp til Kvanndalsstølen, der me tok ein god matpause med orientering om stølsdrifta som hadde vore der. Samt ein titt inn i selet til Kvamme.

Neste stopp var ved den omstridde høgspentlina langs Hardangerfjorden mellom Sima og Samnanger. Synnøve gav oss ein kort utgreing om Statsnetts framgangsmåte for å bygge lina og om mastemotstanden.

Sidan bar det langs den gamle saltvegen forbi Brennsvinssteinane der Sverre Kvitne fortalde om den gamle ferdavegen frå fjorden til Voss. Og vidare til Gjellestølen til Almenningane der Bjarne Hjelle orientert om stølane i området. Siste del av turen gjekk på stølsveg ned til Rong der bussen venta presis klokka 1600, som avtalt. Sola var med oss heile dagen. Turleiarar Sverre Kvitne og Oddvar Drevsjø. Fleire bilete her

Takk for turen!

Seniortur 23. august 2017

Veret var perfekt for fjellvandring denne dagenn. Tretten personar møtte opp for felles reise med privatbilar til Bordalsstølane i Allmenningane. Dei frammøtte hadde teke med seg godt humør, så starten på dagen var det ingen ting å seia på. Med mat og drikke i ryggsekken tok me vegen til Krossaset. Det var ein nytelse å gå utan regntøy. Å gå med gode fjellstøvlar eller gummistøvlar var ein fordel om ikkje ein skulle verta våt på føtene. Tema denne dagen var;  Stølar, krosssen på Krossaset og ikkje minst saga til Ola Arnfinsen. Han byrja og setta op saga i 1950-åra, han ville skjera material til å settja seg opp hytte der. Han kom aldri så langt at han kunne koma seg inn i eige hytte. Klokka hadde tippa over 1200 og det var tid for mat og drikke. Praten gjekk om laust og fast og me hadde tid til å nyta det me var med på. Det var ikkje mykje dyr å sjå, berre litt sauer her og der. Hausten er på veg, for nokon av trea hadde fått gul farge på lauva. Ved stølen Horgaset roar me ned, og dei som hadde att drikke fyllte på med det.  Turen vidare gjekk på sti til Helgaset. Me fylgde bilvegen attende til Allmenningane. Det var kjekt, det er gjevande, det skapar fellesskap i sosialt samvær.  Takk for turen til alle som var med!

Helsing turleiarane Bjørn Grande og Sverre Kvitne

Hallingskeid – Osa 20. august 2017

Det var usikre værmelingar før turen, endeleg på laurdag ettermiddag så såg det ut til at været skulle bli bra på søndagen, så tur vart det.  Me var 31 som gjekk i frå Hallingskeid over til Osa.
Me gjekk over Buadalsbrotet mot Floskefonndalen, her var det mykje snø over elva. Etter at me har passert Floskefonndalen, gjekk me stort sett på snø til Gunnulven. Etter kvart kom opp på kanten, der me fekk flott utsikt mot Vassfjøro og ned til Osafjorden. Me gjekk ned til Ossete, her tok me ein liten pause. Etter at me hadde passert Ossete kom regnet, så det vart litt sleipt å gå. Me gjekk vidare nedover Norddalen til Osa, her vart det buss attende til Voss.
Alle var einige om at det var ein fin tur, og at det var endeleg vær til å gjennomføra turen. Meir foto her

Turleiarane
Jenny Tøn og Oddvar Drevsjø.

Skredhovden 16. august 2017

Siste kveldsturen på onsdagane gjekk til stølen Skredhovden.  Frå Grovehaugane / Mala fylgde me vegen til Grove og skogsveg / stølsveg vidare til stølen. 12 personar  var med på turen,  bratte motebakkar oppover gjekk fint, litt småpauser for å sjå utsikt til austsida av Kvitle, pause ved stølen til Spilde.

Retur til bilane brukte me stølsvegen. Veret var fint med innslag av sol og blå himmel, slikt er ikkje kvardags lenger, ein kjekk tur.


Turleiar Bjarne Fosse


Breidablik 13. august 2017

Vi var 21 personar som la ut på tur denne sundagen. Vêrmeldingane var forhaldsvis greie, og i starten hadde vi sol, og t-skjortene kom fram. Diverre måtte vi ta fram regnssettet etter kvart, og på returen frå Breidablikk hadde vi forhaldsvis mykje regn. Men, dette hadde ikkje så mykje å seie for stemninga blant oss turgåarane. Vi var like blide og nøgde. I Solheimsdalen koste vi oss med både utsikta og maten. På Breidablikk vart vi tatt vel i mot av hyttevert. Vi kikka oss rundt, og vi var imponerte. Fotografiapparata gjekk varme! Stemninga steig endå eit hakk då vi satte oss inn og kosa oss i varmen i dette eventyrslottet. På returen geleida Olav oss flott rundt Geitafjell og ned Tjørnadalen. Spenninga steig då vi måtte krysse Nystølselva: kven var fortsatt tørre på beina? Dei færraste, sjølvsagt. Takk for ein fin tur! meir bilete her ​​​​​​​

Alpin ferdsel 31.juli - 6.august

Seks lærerike dager i Jotunheimen er over. Brevandring i taulag, klatring, tindebestigning og leirliv i høyfjellet. Kjølig og fuktig vær til tross - 8 spreke og dyktige deltakere leverte fremragende innsats fra start til mål!

Tur til Lintuva,stølen til Selland, 2.aug. 2017.

Det var 22 deltakarar med på turen, og etter avtale fekk me parkera i vegkanten ved Selland. Me gjekk på gamal sti gjennom skogen opp lia, og halv-vegs opp kom me til ein vårstøl. Døra låg nede,så det var greitt å sjå seg om inni. Kyrabåsane var sett opp etter tradisjon med skiferheller med bjørkestrangar oppå.   Her tok me ein liten drikkepause.

Det var tydeleg sti vidare til me kom opp til det store stølstræet på stølen Lintuva. Her fekk me litt småregn på oss, men kom under tak til nisteeting og skriviing i turboka. Den gamle døra til innselet var full av tjørekrossar,og så låg at her måtte ein krøkja seg godt.   Fint utsyn over Opheimsvatnet og fjella ikring herifrå. Me var fleire som tenkte på bratt og glatt nedtur,men etter eit kort stykke tok me over elva,og resten av turen ned gjekk på fin, grasgrodd traktorveg. Takk til turleiar Oddvar Drevsjø og Bjarne og Laila som gjekk opp turen kvelden før!  Meir foto her ​​​​​​​  

Turen til Fyresnipa/Stalheimsnipa 30. juli 2017

Me var 13 som starta ved Fyrde, me fylgde den T-merka stien opp til den nedlagte garden Øvsthus. Frå Øvsthus fylgde me skiltinga til Fyresnipa, me gjekk forbi Nedstetuftna og vidare opp til Øvstetuftna. Her tok me ein god pause. Frå Øvstetuftna gjekk me omtrent i flatt lende til me nærma oss Trolladalen, her gjekk me i vanskeleg bratt parti før me kom ned til elva i Trolladalen, herifrå kryssa me Trolladalen og gjekk opp til Fyresnipa/Stalheimsnipa. Me tok oss veldig god tid her oppe i flotte omgivelsar i bra vær. Me gjekk same vegen tilbake.
Oddvar Drevsjø (Tekst og foto)

Skirstølen – Hodnaberg 26. juil 2017

Me var 13 som starta ved Hodnaberg, me gjekk den gamle vegen frå Hodnaberg til Skirstølen. Me gjekk over Hodnabergskaret og forbi dei gamle stølstuftna Raudkleiv, her var det støl fram til 1900, og selet vart då flytt til Hodnaberg, det var Saue på Bulken som hadde støl her. Vidare gjekk me ned til Elva, her vart det ein liten matpause. Herifrå frå gjekk me ned til Skirstølen.
Arne Djukastein og Oddvar Drevsjø Tekst og Foto.

Ytre Afdalstølen og Løyning 19. juli 2017

Me var 17  som reiste i frå Fredheim i flott sommarvær. Me køyrde til
Afdal. Me gjekk i janm stigning opp til Ytre Afdalstølen, herifrå tok me ein og pause før me gjekk opp til Løyning. Her var det godt utsyn over Vossebygda. Me tok ein god pause her før me gjekk attende til Afdal.
Oddvar Drevsjø Tekst/Foto

Gullhorgabu 16. juli 2017

Me var 7 som møtte opp på Holbergsplassen i dag, værmelingane var heller dårlege , men me køyrde til Småbrekke i Bergsdalen med friskt mot. Me hadde bra vær til me kom til Storlitjørni, her  auka vinden godt på, og det regna trollkjerringar, litt sludd i regne vart det også. Det var godt å koma inn i Gullhorgabu for å eta nista. Det vart litt lettare i været på tilbaketuren. Men alle var einige at det var ein fin tur på tross av været.

Oddvar Drevsjø Tekst/Foto

Midtsommartur til Osterøy 2.juli 2017

Når ein skal besøke stader i Indre Nordhordaland, må ein ofte bruke båt. Her er mange veglause plasser der sjøen er einaste framkomstmiddel. Difor starta turen vår denne søndaen med ein historisk gjennomgang av vedaskuta " Brørvikaskuto" som låg ved kai på Stamnes. Denne vart rekonstruert og ferdigbygd av Hans Brørvik mellom 1997-2002. Dette var livsverket til Hans, som var 76 år då han starta på arbeidet. Og som me såg på TV i jula: Ein annan godt vaksen kar, den siste som framleis budde på Bukkestein,han visste korleis ein skulle lessa skuta med all denne veden som folk her transporterte og selde til "bydn".

Så vart alle 23 turgåarane transportert på meir moderne farkost til garden Veo. Her stod ho Betty klar til å fortelja og losa oss gjennom tun og langs gardsveg til Bukkestein. Me såg veaskytjer og båthus og brygger og gardshus som fortalde om levd liv i farne tider. Vegen var fint oppmurt og Betty kunne fortelja at ungane på Kåstad , på andre sida av fjorden, var misunneleg på ungane på Veo som kunne gå på skulen på VEG. Det hadde nemleg ikkje dei, men så var det no ingen naboar å gå til heller!

På Bukkestein var det Oddvar som var guiden vår. Den nyrestaurerte løa, med brakekledning og fint gamalt tømmer i veggane , gav oss ly mdan me tok nistepause. Oppover i utmarka mot Bukkesteinsvatnet fekk me historiar om løypestrenger for ved, potetåkrar, lammehus og seterdrift. Heile vegen kunne me gå på nyrydda sti. Heile 98 hauger med skat av bjørk og sprake var det ein som talde!

Om det regna denne søndagen? Til tider var me våte til skinnet. Men det hjelpte godt med Bernt sine lappar med syltetøy og all den gode kulturformidlinga. Og de veit vel at Veo tyder heilag stad og at sagnet om bukken på steinen kanskje har gitt navn til staden Bukkestein? I alle høve ligg gravhaugen frå vikingtida og dei funna som ein gjorde der , som prov på at dette er stader der folk har levd i uminnelege tider.

Bente Daltveit/Tekst        John-Ove Thaule/Foto

Tvinnestølen juni 2017

Anders og Arvid har stått på heile pinsen for å restaurere vegger, vaske hytta og sette inn nytt kjøken. Hytta er ikkje heilt ferdig enno, men klar til bruk! Takk for stor dugnadsinnsats.

Kaldavasshytta mai 2017

Vårdugnad utført på Kaldavasshytta. Det er framleis bra skiføre. Me ynskjer gjester velkomne til fjells! Kvistaløypa kan ikkje gåast der den kryssar vatn og elvar. meir bilete her

Helsing tilsynet 

Grindaflethytta mai 2017

Då er Grindaflethytta vaska og klargjort for sommarsesongen. Sommarbruer er enno ikkje lagt ut då det er mykje snø i området. Utlegg av bruer vert gjort så snart det er mogeleg. Velkomen til fjells! Meir bilete her

Helsing hyttestyret 

Torfinnsheim april 2017

Då var den store vårdugnaden på Torfinnsheim unnagjort. Heile hytta er rydda og vaska og alle dei 28 køysengene har fått reine sengeklede. ( hugs lakenpose ).  I stova er det lagt nytt golv, brannmuren har fått ny måling og det samme har plata framfor ovnen.
Utedoen har og fått ein liten oppgradering. So då er hytta klar for ny sesong. Det er framleis flott på ski i fjellet. ( 26. april )
Velkomne til fjells og til Torfinnsheim. 
Helsing hyttetilsynet.

Tekst/foto: Anna Hildestveit Haug

Transport til Torvedalshytta april 2017 

Våre gode samarbeidspartnarar, Vossestrand Røde Kors Hjelpekors, transporterer ved m.m. til hytta vår i Torvedalen. Velkomne til fjells!

Lågterskeltur 13. mai 2017. Voss Sogelag og Voss Utferdslag til Hedleberget på Kyte.

Me var 22 som møtte opp ved brakka på Hedleberget, nokon valde å gå litt rundt på eigehand. Me tok ein rundtur i området rundt Hedleberget. Me starta ved å gå ned gamlevegen ned mot bryggeriet. Vidare gjekk me ned til saga ved Nordheim. Me var heldige å Selmar Traa med oss, han har god kunnskaper om drifta ved Hedleberget. Me fylgde vegen ned mot Almeland, herifrå gjekk me opp att om Vælesberget. Me gjekk vidare opp til kaffeen der me tok ein matpause. Me fekk god informasjon om korleis dei tok stein ut av berget, og til slutt vart til skiferhedler. Også om taubanen som gjekk ned til Kløve. Me takkar Gunnar Gjerme for at han fortalde om skiferdrifta på hedleberget, og om korleis arbeidarane der levde ”dei som ikkje hadde kvilebuer, måtte laga bål og tina maten sin på spaden over bålet”, og Jan Olav Grevle for at han visa oss korleis ein delte opp skiferstein, og laga hedler.
Tekst/Foto: Oddvar Drevsjø

Ukvitne (gamlevegen) 10.mai 2017 

Me starta turen frå vegkrysset som går ned til Seimsgrend, her gjekk me opp ein skogsveg til me kom opp til gamlevegen. Me gjekk forbi der Skjeldesaga hadde stått. Herifrå gjekk me vidare til plasset Lille Ukvitne, fylgde vegen vidare til Ukvitne. Me gjekk tilbake same vegen til krysset der traktorvegen gjekk ned til bilane, her tok me vegen om Nadlane. Herifrå gjekk me ned til bilane. Det var ein god del regn på turen. Trass i det dårlege været som var, var det 14 som møtte opp. Turleiar på turen var Ellen Sjøgren.


Vikafjellet - Bavallen 7.mai 2017

Det var 27 personar som la i veg inn Sendedalen på den tradisjonelle langturen frå Vikafjell til Bavallen. Strålande vêr med ein svalande lett bris i ryggen gjorde det lett å gå. Føret var forbausande bra. Med tanke på mildvêret dagane før bar snøen godt. Først i nedkøyringa fra Lønahorgi fekk me føling med vårløysinga. Alle var særs nøgde med turen som vart gjennomførd under myndig og kyndig turleiing av Reidar Berge. Han har tatt på seg turleiaransvaret for denne turen i mange år, men no hevda "gamlingen" at det var hans siste tur som turleiar. Time will show! (tekst: Richard Jacobsen/ foto: Audun Hellevang)

Opptur med Eksingedalen skule 3. mai 2017

Heile den spreke skulen var med til topps denne dagen. Flott gjeng i fantastiske omgjevdnader. Sjå den fine videoen her: 

Opptur med start på skulen, langs Eksingedalsvegen omlag 1 km før me tok trappegangen mot Almane. Eit herleg friluftsområde med fugle og dyreliv.  Her står til bruk ein lavo, der pizzaen vart steikt og keffien kokt. Ein idyll ved Almatjørni. Ein utflukt til Kultatoppen og med ein fenomenal utsikt over Eksingedalen. Elevar og lærarar stortreivst om kapp med Eksingedalen IL og Utferdslaget sine turleiarar i eit strålande turver.  Tekst: Bjørn Grande

Storåsen 03. mai 2017

Det var det 15 som møtte opp den fine onsdagsettermiddagen ved Fredheim. Me køyrde opp til Gudleikstreet (her fekk me utdelt kvart sitt turorienteringskart over Storåsen). Herifrå gjekk me i roleg tempo opp til Håmyrane, medan ein studerte orienteringskartet undervegs. Me gjekk vidare til skogsbilvegen, herifrå tok me ein avstikkar ned til Skjedikane. Der me tok ein liten matpause. Me fylgde skogsbilvegen over Storåsen og ned til der stien tek av til Gudleikstreet. Herifrå gjekk me over Kjelhovden og vidare mot Andershovden. Frå Andershovden fylgde me stien ned lia forbi Øyjordi, over den nye skogsbilvegen, og vidare ned til Gudleikstreet. Me takkar Ottar Bakketun for orienteringskarta. ( foto og tekst: Oddvar Drevsjø)

Uteklatring på Bolstad 2. mai 2017

7 Spreke ungdommar var med og klatra på Bolstad i går ettermiddag. DNT ung Voss ved Oda , Mari Ingeborg, og Victor gjord ein strålande jobb saman med Øystein. Neste klatrekveld ute er 18. mai og 29. mai! Bli med om du vil prøve klatring for fyrste gong, eller likar å klatre. Her er plass til alle! Hugs påmelding:) fleire bilete her

Grindaflethytta - Syrdalsbreen 29.april - 1. mai 2017

Denne langhelga var vi 9 personar som ville på tur i VU sin regi. Turen var merka som svært krevande då det skulle vere 3 dagar med lange turar og mange høgdemeter. Og lange og flotte turar vart det! Og for eit vêr! Føret var litt varierande, og det var mykje av og på med feller. Føret opp på Syrdalsbreen var heller krevande, men det gløymde vi heilt då vi kom tilbake til hytta igjen. Alle var glade og nøgde! Det var kjekt å bu på hytte saman, ete middag saman, og snakke om turane saman. Alt i alt var dette ei fantastisk langhelg. Takk for flotte turar! Helsing turleiarane

meir bilete her



Nyestølen -Grånakken-Reinsdyrshytta-Løkjane 23.04.2017

10 stk var med turen, starta frå Nyestølen med å gå på sko oppitte stølsvegen til Kolset, etterkvart kom skina på, var fint og lett skiføre, så turen oppitte i lett overskya vær og litt vind gjekk greitt.

Ruta var under Kvannbjørgshaugen og Vetlavatnet og videre til varden på Grånakken 1158 mho.

Her vart det ein liten pause for og studera fjelltoppar og div. rundt oss, var litt vind, men den plaga oss ikkje så mykje, men nok til me utsette matpausen til me kom til Reindyrshytta. Turen gjekk då videre til hytta der me tok mat ute i fint utevær.

Herfrå vart det skring i svak underbakke til Steinset, etterkvart auka det til bratter terreng ned mot Løkjebotnen, men var fin snjo å ramla i, for dei som måtte det. Elva kryssingar nedover gjekk bra.

På Haugamoen var det slutt på snjoen, så då var det å gå på sko til endepunktet på turen som var Rong. Dagens tur var ca 18 km

Takk for ein trivleg dag til fjells med kjekke turfolk. Sjå meir bilete her

Helsing turleiarane Arne Brakestad og Brynjulv Olde

Tur til Tverrbotnnuten 2. April 2017

Tåka låg tett og heilt ned til Vangsvatnet, og regnet sildra ned om morgonen kl 08:30. Skulle vi verkeleg på tur? Jo då, 4 personar møtte opp i tillegg til turleiarane, så tur vart det. Innover Breidalen hadde vi litt sikt, og vi fekk studert det enorme raset som gjekk der for 2 veker sidan.

Vi bestemte oss for å prøve oss på toppen, så vi bevega oss etter kvart inn i tåkeheimen. Sikta vart dårlegare og dårlegare, og det var kun takka vere GPS at vi fann vegen. På 1240 moh bestemte vi oss for å snu. Vi var veldig spente på nedoverkøyringa, kor mykje vi kom til å sjå og kor mange gongar vi kom til å ramle. Utruleg nok vart den veldig spanande og kjekk. Mykje latter. Tung og våt snø tvang oss til å ta telemarksvingar, for ploging vart for tungt.

Vi hadde ein sosial og spanande tur, og som vanleg var vi einige om at turen hadde vore veldig kjekk. Takk for turen!!

Helsing turleiarane

Rong - Grunganestølen 29. Mars 2017

Turen denne onsdagen gjekk til Grunganestølen.  Me køyrde i privatbilar til Rongastova og skrei vegen ned til Haugamoen, der stølane til Haugo ligg side om side til gardsbruka på Rong.  Vidare langs stølsvegen til Løkjane der gardane på Gjernes / Nyre har stølar.  Så langt var det skuterspor med klister / fella føre.  Vidare gejkk me opp til vatnet og på isen til Grunganestølen.  Der vart det ei fin matstund med Karaldenuten tett på, som grensar til Kvam og utsikt vidare mot Grubbanovi som grensar til Granvin. Om ei tid kan me ta turen opp til  Herdabreivotni utan å ga ut av kommunen.  Me retunerte same vegen tilbake til bilane.

7 personar var med på turen, i greit ver. Overskya, litt sol, stilt og varmegrader.

Takk for samveret frå turleiarane Arne Hauso, Svein Jarl Hansen og Bjarne Fosse. 


Gråsida 26. Mars 2017

Det var 29 deltakarar(medrekna tureleiarane) påmeldt til turen over Gråsido sundag 26. mars, og alle møtte opp i skodda på Holbergsplass kl. 09.00. Hyttetilsynet på Torfinnsheim (Arvid og Anna Haug, Lars og Anne-Grete Haugen) var turleiarar. Optimismen var stor då bussen nærma seg Hodnaberg og skodda såg ut til å lette. Det viste seg å vere forbigåande, så me vart gåande i skodde heile turen. Fyrste pause på turen var på Torfinnsheim. Vidare gjekk turen etter kvista vinterløype om Gråsidetoppen og ned til Hindartveit. Utan kvistane hadde me vore nøydde til å gå turen etter GPS, grunna dårleg sikt og problem med å orientera seg. Føret var litt seigt, men det var heilt vindstille og varmt store delar av turen. Nedskriinga frå Gråsidetoppen var litt utfordrande grunna flatt lys, men snøen var mjuk og god å dette i. Alle kom seg ned til Hindartveit utan store problem og vidare på skogsvegen til Hjelle gjekk det greitt. Mange nøgde og blide turdeltakarar som var heilt klare på at utan Voss utferdslag, så hadde dei ikkje tatt turen ut på ski i dag. Fleire bilete her ​​​​​​​

Heggjavad –Middagsholo  22. mars 2017

Etter fleire dagar med dårleg vær var me denne dagen  ”lova”  overskya med litt nedbør tidleg på dagen, men med fint vær frå middagstider og utover. Det vart ikkje slik. Men mykje vær vart det iallefall.

Me var 11 turdeltakarar som starta frå Heggjevad og la i veg oppover Raugstadløypa. I lett snøvær. Løypa var ikkje preparert, men derimot var de 10-20 cm nysnø av vekslande kvalitet. Og klabbeføre. Med gode brøytarar gjekk det likevel  jamt og trutt oppover. Ovanfor Kiseldur vart det tørrare snø og sola kom fram. Feller av og smurning på. I preparerte løyper gjekk det leikande lett inn til Raude Kross-hytta for ein god pause og næringspåfyll.

Vidare gjekk turen delvis i laussnø og delvis i preparerte løyper i lia under Slettafjellet til Middagsholo.  Etter ein liten pause skrei me ned att. Då kom snøveræt og vinden og dårleg sikt. No gjekk me til toppen av Slettafjellet og skrei  nedatt ”Panoramaløypa”. Mot Kiseldur skein det opp att.

Med litt knall og fall i laussnøen kom  me ned att til Heggjavad, om lag ein time etter den oppsette planen. 

Ein fin tur med vekslande vær og føre!

Mat på tur kurs 18. mars 2017

Fleire stod på venteliste for å delta på det populære kurset. 10 heldige fekk delta og lærte mykje av Live Hyrve. Tilbakemeldingane er strålande. "Det var eit kjempefint og utruleg inspirerande kurs og me kunne ikkje fått ein betre kursleiar! No ser eg fram til mange fine turar med god mat!!" Me vonar å gjenta det ein annan gong. Fleire bilete her 

" Karsten og Petra på tur " 12. mars 2017

Tusen takk til alle som deltok på arrangementet i samband med kinofilmen. Over 90 frammøtte er kjempebra på ein regnværsdag! takk og for godt samarbeid med Voss kino. Meir foto her ​​​​​​​

sjå "FJELLVETTSANGEN" her


Reime - Vatnaset - Reime 08. mars 2017

Ti spreke seniorar var med på tur denne dagen. Værmeldinga var ikkje den aller beste, men me starta turen i sol. Skyene kom fort, men varsla snøbyger og vind heldt seg vekke til me var vel heime. Flott blåswixføre i bjørkeskogen, berre litt avblåst her og der. Det vart ein triveleg tur med ein fin gjeng som kosa seg på ski, ingen skader eller uhell. 8. mars vart feira med kake og flagg. Turleiarar: Rolf Eriksen og Tove R.Jacobsen

Bulko - Krossaset - Bulko 05.mars 2017

Tur med Voss utferdslag køyrde med privatbilar til Parkeringsplassen på Bulko. Turen vart omlagt vart ikkje rundt Skamdalshorgi som me hadde tenkt då været ikkje var så bra. Me gjekk over Grønlivatnet der Jon Arvid Himle venta på oss for å quida oss til Krossaset. 12personar som fekk seg ein god frisk tur i både vind,sol og overskya vær i dag. Før me kom til Krossaset passerte me stølsgrenda Horgaset. Skiføret var flott å gå i..og det var ein glad gjeng på tur.Turen vart noko kortare me gjekk samme vegen tilbake så då rakk me innspurten på 5-mila i VM når me kom heimatt. Helsing Turleiarane Astrid Såkvitne Jon Arvid Himle og Reidun Tveito 

 Ospehaugen-Jonsstølen-Fjellsetevotni 1. mars 2017

7 personar møtte opp til første skituren til seniorgruppa som gjekk frå Ospehaugen til Jonsstølen og Fjellsetevotni.

Skya opphalde og -2 grader frå morgonen, frå Ospehaugen skuterspor til Jonsstølen, lett før men litt frose på gjorde at skifellar var nyttig.  Når me kom til stølen var det tid for matykt, med snø i lufta gjorde "forsamlingshuset" i stølsgrenda god nytte.

Vidare fekk me setja spor i 15 cm lett nysnø opp Fjellsetedalen, kjekt å vassa i snøen etter mykje is og skare i vinter, og vel framme til Fjellsetevotni var sole komme fram og.  Retur til bilane same vegen.

Fin tur i godt lag med turleiarane Lars Lillethun og Kristian Østrem, som var på heimabane og kunne fortelja om stølar og naturen.

Tekst/foto: Bjarne Fosse

Engjaland-Kaset-Steinset-Arnetveit 26.02.2017

10 personar var med på turen i dag. Vi var heldige og hadde skuterspor eit godt stykke, men vi måtte etterkvart til å brøyte. Det var mykje nysnø, men med lagarbeid der vi bytta på å gå fyrst gjekk det heilt strålande. Ned frå Steinset til Arnetveit hadde vi flott pudderføre. Med "kun" 10 personar på tur snakkar alle med alle, og stemninga var veldig god. Det var mykje latter og prat undervegs. Takk for turen!! (tekst og foto: Bodil Atterås )

Klikk her for å skrive tekst.

Topptur og skredfarevuderingskurs 7. 11, og 12. februar 2017 

7 deltakarar fekk lære meir om korleis dei kan gjere gode vurderingar av skredfare når ein er på topptur. Ein teorikveld og 2 dagr på hytta Breidalen, der det vart jobba med terrengvurderinger, vegvalg og gruppedynamikk. Kurset innheld aktiv i planlegging og gjennomføring av toppturar i flott toppturterreng, samt trening på kameratredning ved snøskred. Tema for kurset var: Turplanlegging etter Filtermetoden, Lese og forstå skredfarevarsel,Bruk av kart og brattheitsmålar/linjal,Skikompis-mønster for toppturar, Aktiv sansing og observasjon undervegs, Vurdering av brattheit og terrengfeller, Linjeval og stoppestader og ikkje minst køyreglede – korleis finne den beste snøen!



 Årmot – Stalheim 12. februar 2017.


16 deltakarar hadde møtt opp for å gå turen Årmot-Kvandalen-Brekkedalen.- Stalheim.

Dei fleste var på førehand litt skeptiske til korleis føre skulle vera og var redde for att det skulle vera hardt. Dette viste seg å ikkje vera noko problem.Med få unntak var føret godt, med eit lite snølag på det harde underlaget som gav feste for fellene og gjorde det mogeleg å styra.

Me hadde strålande ver og varmande sol det meste av dagen , men det vart litt kjølig då me kom ned på Brekkedalen der sola ikkje slapp til.

Alle gjenomførde turen i fin stil og godt humør utan negative hendelsar av noko slag.

Turleiarane vil takka deltakarane for positiv instilling og godt humør noko som gjorde dette til ein kjekk tur for oss.

Ein ting som bør nevnast er at me tykkjer det er positivt at me på fleire turar i vinter  har fenge med deltakarar frå Nordhordaland turlag.

 Meir foto her ​​​​​​​                                                                                    Turleiarane

Kom Deg Ut dagen vinter 2017 - 5. februar 

Tusen takk til alle som var med på arrangementet "kom deg ut dagen - 2017". Nærare 80 stk kosa seg med god mat og aktiv leik i nydelege solbada omgjevnader på Lemme. Takk og til familien Lars Even Lemme for lån av område

meir bilete her

Tur til Storebottseggi sundag 29. januar 


Vi var 8 personar som starta turen frå Sygnaberde/Skiple. Skogsvegen opp til Vatnaset var isete og hard, så langfellene måtte på.

På Vatnaset fekk vi selskap at 2 personar til og ein hund, så totalt var vi 10 stk på turen. Då vi kom opp på snaufjellet, då kom sola. Panoramautsikten var formidabel, med Raundalsryggen i sør, Åmidlenutane i aust, og Lønahorgi i vest. Stemninga var på topp der vi gjekk bortover på ryggen. Det er noko eige å gå på eit slikt «tak» omringa av fjellkjeder.

Det var fleire som kvidde seg til nedkøyringa, og nokre beheldt fellene på. Men, det gjekk supert! På snaufjellet kunne vi svinge oss nedover, litt meir anstrengade vart det gjennom bjørkeskogen siste stykket ned mot Jonsstølen. Skogsvegen frå Jonsstølen ned til Ospehaugen var litt isete og hard, men den største utfordringa var å krysse parkeringsplassen nede på Ospehaugen. Der var det klink is! Meir bilete her

Takk for turen!!


Tilsynstur til Torvedalen 26. og 27. januar 2017

Det var ein fin tur frå Gullbrå, strålane vær men hard snø å gå på. Hyttene ligg der - klar til bruk!


Oppheim til Helgatun (Myrkdalen) 22.01.2017.

Det vart ein fin skidag for dei 16 som var med på turen frå Oppheim til Helgatun (Myrkdalen).

Skodda låg tjukk og grå over bygda då vi reiste frå Vangen. Framme på Oppheim var skodda vekke. Veret gav god sikt med lette snødryss i lufta, men litt flatt lys. Føret hadde endra seg frå blaut, regntung snø på laurdagen til påfrose, hardt føre på sundag. På Oppeim måtte vi bera skia langs ein blank, hålkete veg det fyrste stykket. Då vi tok på oss skia hadde alle lagt på skifellerr, noko som var påkrevd denne dagen.  – Og så gjekk turen som ein leik innover den vakre Oppheimsdalen. Vi hadde hovedpausen i Skitlie, der folk kosa seg og alle hadde nokon å prata med. Tempraturen var behagleg rundt 0 grader. Turen vidare innover flatane forbi Tjørnhovden og mot elvane frå Kvanndalen og Reppane, gjekk i behagleg og roleg tempo. På Revhaugen hadde vi ein liten pause og skifeller vart tatt av. Renne ned til Helgatun gjekk som det høver seg på slikt føre; litt knall og fall, men lutter smil og glede.

Turleiarane takkar deltakarane, som kom frå både Nord Hordaland, Sogn, Hardanger og Voss, for ein flott gjennomført tur.

meir foto her


Ospehaugen - Fjosestølen - Remlo - Ospehaugen 15.01.17

Januardraum!! Kaldt, 17 grader minus. Sola bleinka i snøen. Snøen hang tung på trea. Eventyrleg vakkert. 19 glade og nøgde deltarkarar. Flott turterreng. Takk for turen!

Meir bilete her

Veskre - Veskreshorgi 12. oktober

Tur frå Veskre til Veskreshorgi i eit strålande haustver, Lars Songve var kjentmann, hadde trakka stiane her frå han var liten og fortalde om stølane og hadde sjølv to stølshus.

Oppe vart det mykje fjelltoppar å sjå, litt nysnø på dei høgaste, med Fresvikbreen - Jøkulen - Folgefonna, og Hardangerfjorden.


28 personar var med, greitt å komma opp frå skodda på vangen til blå himmel og stilt, tilbake kl. 16.

Takk for fylgje frå turleiarane Lars O Songve og Bjarne Fosse.



Kvitno – Hustveit 09. Oktober


Turen i dag gjekk i nydeleg haustver. 11 personar + 2 turleiarar møtte opp på Holbersplass kl. 09.30. Me køyrde minibuss til Kvitno i Raundalen der turen starta. Termometeret viste minus 2 grader, men i sola vart det fort varmt. Me fylgde stølsvegen til Fjosestølen der me gjekk vidare på buferdsvegen til Helgaset. Frå Helgaset gjekk med bratt opp lia til Skorsetvatnet der me kom inn på T- merka rute frå Liaset til Skorseteggi. Der hadde me flott utsikt mot Lønahorgi, Holbygda, Fresvikbreen, Jordalsnuten og Raundalsryggen. Tilbake gjekk me til Skorsetvatnet der me tok matpausen litt oppe i lia der det var heilt vindstille. Vidare gikk turen på sti ned til Gilset og vidare i litt ulendt og myrlendt terreng til Hustveit . På Hustveit sette me oss ned og tok ein kort pause slik at me kom ned til Leidal ca. 15.30 Turen gjekk i roleg tempo slik at me fekk nyte både ver og utsikt .

Turleiarane Lars og Anne-Grete Haugen takkar for ein triveleg tur!

Espelandsvatnet - Tyssedastølen 5. oktober

Tyssedalsstølen på programmet denne onsdagen, ein morgon med soloppgang utan ein skydott lova godt og til kl.10 var 28 personar klar til tur i Ulvikfjella.

Turen inn Tyssedalen, som er smal med høge fjell på begge sider, er spesiell og litt dramatisk med bekkar ned fjellsidene og Tyssedalsvassdraget inne i  botn.  Med nymerka T-ar på stien er det lett å finna fram, etter nokre kilometer i lett terreng startar motepakken, 300 høgdemeter, men det gjekk fint, ikkje noko klaging berre litt sveitte.

Oppe på stølen vart det ein sommardag, veldig fint å sitja å eta, kvila, prata og sjå på vatne som fjell og hus spegla seg i.
Arne fortalde om stølane, ferdslevegane mellom Raundalen og Ulvik og stor stølsdrift i tidligare tider.
Tilbake til bilane kl.16 etter ein fin oktoberdag ute i naturen !

Turleiarane Arne Hauso og Bjarne Fosse takkar for hyggeleg fylgje !

Reime - Vatnaset 28.september

Det surkla, sildra og rann overalt etter nattens voldsomme regnvær, men det skremde ikkje 5 damer og 10 menn frå å vere med på tur til Reime-Vatnaset. Raundalselva var SVÆR!
Turen gjekk fint til Brekkestølen, sjølv om den fine utsikta låg innhylla i skodde. Kjentmann Rolf Eriksen var ein god forteljar og underheldt oss både med huldresegn og historier frå alpin NM i 1939 ned frå Olsskavlen. Då det tok deltakarane 3,5 timer å gå opp til start!
Stien til Vatnaset var og grei, men det var godt med ei hand å halde i her og der over strie bekkar. God matpause i den koselege hytta til Rolf var prikken over i'en. Godt å kome innomhus i ruskeværet. Været letta og turen via Hovdane tilbake til bilane var fin. 
Takk til alle for ein fin tur! Tove Jacobsen.

Roksbotn - Maratoni- Hjelle 25.september

15 personar møtte opp til ein tur i strålande haustsol over fjellet frå Tesdal til Hjelle denne dagen. Som bileta viser vart det ein vakker dag i godt selskap. Heile turen vart 26,7 km lang, og er å rekne som ein lang tur. Med ei total stigning på 2304 høgdemeter er dette ein tung tur. Men blide fjes likevel då ein ikkje kunne ynskje seg betre vær til turen. Meir bilete her

Turleiarar var Jenny Tøn og Bjarne Hjelle.



Lågterskelturen på Bordalen 24. september

Lågterskelturen til Voss Sogelag og Voss Utferdslag gjekk til Kjell Himle på Bordalen. Det var 14 frammøtte. Me fekk ei flott omvising i dei flotte bygningane til Kjell Himle. Mykje av bygningsmassen til bygga var tre som vart felt av storm.  Han hadde mykje interessant å fortelja om dei forskjellige stokkane, og kvar dei kom i frå.
Me takkar Kjell Himle så mykje for at me fekk lov til å koma for å sjå dei flotte bygga han har laga på tunet sitt.
Oddvar Drevsjø. 

Onsdagstur til Fjedle, Brileset, Lunnset 21.september


23 spreke turgåarar vart med på turen. Ca 12 km lengde i fint terreng, turen tok ca 5 timer med matpauser og litt orientering om historien til dei omtalte plassane me var innom. Fint og varmt vær! turleiarar Alf Kissner / Laila Selland 


Open hytte på Torfinnsheim 18.09.2016

«VAFFELFEST» PÅ TORFINNSHEIM.

Om lag 150 fann vegen til Torfinnsheim  sundag 18.september i tillegg til 18 overnattingsgjester frå laurdag til sundag. Om det var vaflene eller veret som lokka små og store til fjells er me usikre på, men det var i alle fall mange blide fjes og mykje gode ord frå dei som tok turen. Det var godt og  varmt og så godt som skyfri himmel, og det vart servert vaflar, kaffi og saft frå kl. 10.00 til kl. 16.00. Yngste overnattingsgjesten var 3 månader og eldste dagsturisten var 85 år. Det var overraskande mange små ungar som hadde greid å gå sjølv heile vegen frå Hodnaberg, og mange valde å gå vegen om Kvålsdalen ned att for å få seg ein fin rundtur.  Sjølv om serveringa var ute i det strålande  veret, så var det mange som nytta høvet til å sjå seg om i hytta. Mange var overraska over kor koseleg og romsleg hytta er. 28 sengeplassar og mange ekstra madrassar gjer at det sjeldan er overfylt på Torfinnsheim . Hytta høver svært godt for barnefamiliar sidan det er både straum og vatn og avstanden frå bilveg er relativt kort. Alle var einige om at det var eit svært vellukka arrangement. Meir bilete her

 Hodnaberg - Torfinnsheim - Kvålsdalen 14.09.2016.


Gode vermeldingar gjorde vil sitt, 34 var møtt fram til tur, tordenbya før avreise frå vangen skremde ikkje nokon så alle kunne starta gåturen frå Hodnaberg i skya opphalde.

Truleiarane held folka samla frå start og dei bratte bakkane gjekk fint.  50 meter før hytta kjem det meir torden og regn i bøtter, matpausen inne på hytta med regn ute vart vel litt lenger enn planlagt, fint å vera inne når det regna ute.

Vidare gjekk turen i lett terreng og fint landskap langs med Torfinnsvatnet til stølane i Kvålsdalen og ny matykt.  Opphalde og etter kvart sol med sommartemperatur er uvanleg midt i september, men vegetasjonen minna oss om at hausten har komme i fjellet.Turleirane hadde lese seg opp og fortalde om aktivitet i Hamlagrøområde i tidlgare tider og soga bak "arvesylvet" til Vossingane - Hodnaberg kraftverk.

Tilbake til bilane kl. 15.50, alle var nøgde med ein fin fjelldag saman med turleiarane Arne Djukastein og Anders Skjerveggen.

Hordalsnuten rundt 11.september

Vi var 6 fjellglade og muntre personar som la avgarde på tur denne dagen. Det regna mykje om natta, og myrer og elver var fulle av vatn. Utover formiddagen skein det opp, og vi var optimistar lenge. Vi åt lunsj i solsteiken, men i fjellet skiftar det fort. På veg oppover dei siste hundre høgdemetrane tetna det til, det blas opp, og sjølvsagt kom regnet óg. Heldigvis er det godt varda oppover til toppen, og vi kom oss alle saman til topps. 4 grader var det der. Heller surt, med andre ord. Vi returnerte same vegen denne dagen grunna den tette tåka. Då vi kom nedover dalen igjen lysna det opp, og det slutta å regne. Alt i alt vart det ein fin tur!

Upsete - Myrdal 07.august

Mange hadde møtt opp på stasjonen for å delta på dagens seniortur. Då me kom til Upsete  var me heile 18 personar som starta turen i stigningane oppover mot Geitavatnet.

Trass  litt usikre vermeldingar med fare for litt nedbør og vind, fekk me fint gåver på heile turen.

Me var litt usikre på kor sleipt det ville vera nedover i steinrøysene i Ugjerdsdalen, men der var heilt fint å gå. Kryssinga av bekken gjekk også problemfritt. Såleis vart heile turen gjenomført utan uheldige episodar av noko slag.

Turleiarane vil takka dei spreke og kjekke deltakarane for turen. De gjorde den til ei hyggjeleg oppleving for oss. Meir bilete her

tekst: Bjørn Knapstad


Vossamarsjen 2016 - 4. september

Over 150 vossingar møtte opp på torget for delta i vossamarsjen sundag 4. september.Denne dagen var det tilrettlagt for tur i området Roset – Gråsidetoppen – Timaglaset. I strålande sol finnest det knapt ein finare stad å være. Ei fantastisk utsikt over den vene Vossabygda venta alle som tok turen. Liten og stor gjekk ilag til Roset der kaffi og heimebakt kake venta. Her hadde 4 familiar som trossa regnet og satt opp telt kvelden før, då det var #nattinaturen, blitt premiert med å kunne nyte frokosten sin i solskin. Ein del av vandrarane som kom forbi tidleg på morgonen valgte å bli på Roset og kosa seg der heile dagen. Andre vandra vidare til topps, til varden ved Gråsidetopppen. Og heile 45 tok turen heilt til Timaglaset. ! I alt deltok 168 turgåarar på marsjen – og om lag 20 frivillige denne dagen. 
Vel tilbake på torget smaka det godt med varm betasuppe og saft etter ein lang dag i fjellet. Etterkvart vart det trekning av fine premiar. Mange små, spente, turgåarar såg nok ekstra fram til denne delen, og vart gode medhjelparar under sjølve trekninga.
Me håpar at alle som var med i år, samt vener og kjente, blir med oss på Vossamarsjen 2017! meir bilete her 


Me vil takke våre sponsorar under arrangementet:

Biltunet Voss A/S, Voss Vind, Ekstremsportveko, Skandinavisk høgfjellsutstyr, Voss Resort, Mx- sport, Myrkdalen fjellandsby for flotte gåver.




Sjelinganosi 31.august

Me var 8 personar som ville på tur i dag. Sjelinganosi slo me frå oss på grunn av dårleg vær. Skodda hang nedover fjellsidene. Turen gjekk innover Sendedalen til Holmavatnet. I ly av hytta tok me matpausen der. Og gjekk same veg heimatt. Litt vind og regn, men det gjorde ikkje noko for den spreke gjengen . Meir bilete her ​​​​​​​( foto / tekst Astrid Såkvitne )

Klikk her for å skrive tekst.

Grindaflethytta - Stigen 27.-28. august

Etter mykje vurderingar av vermeldingane vart det til at 12 personar vart med på turen Ljosandbotn - Grindaflethytta - Stigen, og eg trur at ingen angra trass surt og vått ver lørdagen. Terrenget var og vått etter den massive nedbøren fredagen, så vått at dei fleste fann det mest fornuftig å vassa berrføtt over Borgarbuelva. Følget vart elles dei første til å ta i bruk den nye brua i Stordalen. Og kvelden vart fin. 

Turveret sændagen rimeleg greitt, stort sett skya. Oppover bar det, og ikkje minst nedover. Frå 1761 meter til 0 på rimeleg kort distanse. Dei fleste kjente vel det og 10 timars gange i lårmuskulaturen. Nokon ville forresten til under 0 m.o.h og tok eit bad i sjøen.

meir foto her

Reidar Berge

Kaldafjellet 21.08.2016

Det vart ikkje noko tur til Grimsnuten 21. august, men ein tur til Kaldafjellet. Turen gjekk i fint sommarvær med god temperatur. Trass mykje regn i veka var det relativt tørt i terrenget. Fire glade turgåarar var med på turen. Stemninga var på topp. Konklusjonen frå deltakarane var ein svært gild sundagstur. Turen gjekk etter den oppsette ruta bak Vardafjellet, aust for Brukafjellet og til Kaldafjellet. Heimturen gjekk på ryggen nord for Styggedalen og ned i Fjellsetedalen. Frå me starta på Jonsstølen til me var nede att tok det i underkant av 7 timar.
( tekst og foto: Kristian Østrem )

Klikk her for å skrive tekst.

Øyjordstølen 17. august 

Me var 13 som møtte opp på Fredheim denne varme ettermiddagen.
Me køyrde opp til Øyjordi, der den T – merka ruta til Lemme startar. 
Herifrå fylgde me den T – merka stien opp lia til stølen, stien var veldig godt merka. Vel framme ved selet på stølen, hadde me ein god pause, der me fekk nyta den flotte utsikta over Oppheimsvatnet og fjella mot Stalheim. Me gjekk den same vegen ned att til bilane. Meir info her
Tekst / turleiar Oddvar Drevsjø 

Klikk her for å skrive tekst.

Volavatnet rundt 14.august.


Me var 14 som starta i frå Fredheim, me køyrde inn til Voladammen.
Herifrå gjekk me inn til Volahytta, det var regn og skodde i lufta, og det v

ar sleipt å gå. Ved Volahytta fekk me varm velkomst av hyttetilsynet, me fekk te og kaffi, og det var godt å koma inn i varm hytte for å eta nista. Me lyt takka hyttetilsynet der for den gode oppvartninga me fekk der. Her vart det to til som ville vera med på turen.
Me gjekk i frå Volahytta opp skarvet og over brua ved Piksvatnet. Vidare gjekk me opp mot Gråeskorvi, til me kom til en markert varde. Herifrå gjekk me ned til stølen Volo, her tok me ein god pause. Sidan det var regn, og det var ganske sleipt å gå, gjekk me same vegen tilbake. Frå Piksvatnet gjekk me skarvet over Volahytta tilbake. Vidare gjekk me til Voladammen, der bilane stod parkert.
Tekst og foto: Oddvar Drevsjø

Meir bilete her

Lauvdalen – Fangdalen – Raudberg 31. juli

Me var 7 i frå Voss, og ei i frå Vaksdal som var med til Lauvdalen.
Me starta i Lauvdalen og gjekk i roleg tempo opp langs fossen til stølen i Fangdalen. Frå stølen i Fangdalen gjekk me i bratt stigning opp mot topp på 914 moh, og me gjekk langs ein hjelle til me begynte på nedstigninga mot Raudberg. Regnet aukar på etter kvart. Me tok ein matpause ved ein stor stein, på vegen ned mot Raudbergvatnet i ly av været. Vidare gjekk me langs det flotte vassdraget frå Raudbergvatnet ned forbi gamlestølen i Lauvdalen, og vidare ned til Lauvdalen der bilane stod parkert.
Turleiarane: Magretha Veka og Oddvar Drevsjø

Tekst/foto: Oddvar Drevsjø

Sundvestølen 20. juli

Me var 15 som var møtt opp til turen på Sundvestølen på denne flotte ettermidagen. Me starta å gå frå Engjaland på stølsvegen opp til Sundvestølen (655 moh). Her var det noko bratt stigning, så me tok det roleg opp  til stølen. Her tok me ein god kaffipause. Me fekk eit godt tips frå nokre turgåarar som høyrde til på stølen her kom forbi, at fylgde me stien litt lengre opp så fekk me ein god utsyn ut over Myrkdalen og Myrkdalsvatnet. Me tok vel imot det gode rådet, og gjekk vidare.
Ved utkikspuntet fekk me veldig god utsyn. Så me takkar for det gode rådet me fekk.                                                                                     Me gjekk same vegen ned att til bilane.
Tekst/Foto: Oddvar Drevsjø 

Markusteigstølen – Furustølen 13. juli

Me var 16 som starta turen frå parkeringsplassen ved Markusteigen.
Me gjekk om Halsne og opp til den gamle tråfloren til Markusteig. Herifrå fylgde me stien opp til Nyestølen, her hadde me ein liten pause. Herifrå gjekk me opp til Markusteigstølen (Groastølen). Her tok me ein liten matpause. Me gjekk ned att til Nyestølen, og der fylgde me stien til Furustølen. Frå Furustølen tok me vegen ned att til Markusteigen.
Tekst/foto: Oddvar Drevsjø

Gullhorgabu 10. juli


Me var 11 som møtte opp ved Fredheim på søndagen. Me køyrde frå Fredheim kl 9.00, og kom fram til Småbrekke kl 10.00. Herifrå gjekk me på den gamle militærvegen til Gullhorgabu. Me gjekk forbi Moavatnet og Moastølen opp mot Grågavltjørnane, her kryssa me elva på ei ny flott bru. Vidare gjekk me forbi Storlitjørni (her var det nokre snøfenner me måtte gå over), og opp på høgdi, her er det satt opp ein minnestein om kampen mellom vossinngar og samningar for ca 1000 år sidan. Herifrå gjekk me ned til Gullhorgavatn og Gullhorgabu. Her hadde me ein god matpause, før me gjekk attende same vegen tilbake. På vegen inn til Gullhorgabu var det nokre regnbyger, men på vegen tilbake vart det mykje regn. Turen til og frå Gullhorgabu var om lag 19km, og me brukte om lag 4,5 time på turen.
Tekst/foto: Oddvar Drevsjø

Narheim - Sandfjellet 15.06.2016

Turleiar Ellen B Sjøgren

Turen til Hommedalstjørni 01.06.2016.

Me var 15 som møtte fram ved Fredheim i det fine varme været.
Varmt vær på denne tida, ”under snøsmeltinga” betyr store elvar og bekkar. Det fekk me merka i dag. Me starta turen ved Eenstølen, her kryssa me den fyrste elva, herifrå fylgde me stien på venstre sida av elva. Før me kom til tjørna var dei ei elv til som var vanskeleg å kryssa, men herifrå og opp til tjørna gjekk me over nokre snøfenner.
Det vart ein god pause ved Hommedalstjørna. Me gjekk attende samme vegen ned til Eenstølen. Turleiar på turen var Selmar Traa.
(tekst: Oddvar Drevsjø) Meir bilete her

Dymbe -  Roset, 25.05.16

Me var 15 som møtte opp ved Fredheim til turen i dag. Me starta turen ved å gå opp den gamle Giljavegen frå Dymbe eit lite stykke, men fortsatte eit stykke til på traktorvegen til den gjekk over til sti.
Me fylgde stien til me kom opp til Stølen Roset, som høyrer til Dymbe. Herifrå gjekk me over til hytta ”Roset” her er eit vidt utsyn over vossebygda, kor dett no er mogeligheit for overnatting. Vidare gjekk turen bratt ned den T – merka ruta ned til saga, herifrå gjekk me bilvegen ned til Gjelle. Me brukte omlag 3 timar på turen, og turleiar og kjentmann på turen var Bjarne Hjelle. 
Oddvar Drevsjø
Meir foto her

Stalheim – Haugsvik 18.05.2016

Me var 21 som møtte opp ved Fredheim den regntunge ettermiddagen. Me køyrde til Stalheim hotel og parkerte bilane her. Herifrå gjekk me ned der kongevegen starta, Me gjekk opp mot garden Brattland, og fylgde vegen vidare innover. Etter at me hadde passert gardane Slen og Tveito, tok me ein matpause. Vidare gjekk turen forbi Lunde, herifrå gjekk me mot Hauge, og me gjekk over den flotte Giljarhusbrua som vart bygt i slutten av 1700 talet. På Hauge kika me på den gamle tingstova ”tingstova på Hauge” som er frå tidleg på 1300 talet. Vidare gjekk turen ned til Haugsvik. 

Oddvar Drevsjø

Turen til Kviting 11. mai

Me var 29 som var med på turen i strålande solskin. Knut Finne var turleiar og kjentmann. Me starta turen ved lunneplassen Budeieleitet og gjekk opp til stølen Nyaset her tok me ein velfortjent pause. Turen gjekk i roleg tempo opp vegen mot Kviting.
Me tok av vegen og fylgde bratt stien som snodde seg bratt opp lia til stølen Kviting. Knut fortalde om kven som hadde støl her, og historie knytt til støldrifta her. Me fekk inn å sjå selet til Knut som var i frå 1700 talet. Me gjekk same ned att mot Nyaset, her fekk me omvising av Kjellaug Gjerstad Norheim  i vårstølen til Gjerstad på Nyaset. Frå Nyaset gjekk turen ned att til bilane.
Me takkar dei som gav oss lov til å få koma inn og sjå i stølane deira.

Oddvar Drevsjø

Fossfjellet  8.mai 2016

20 deltakarar som enno ikkje har lagt skiene vekk for året, hadde møtt opp til turen som gjekk til Fossfjellet. Som planlagt gjekk me frå fylkesgrensa og austover. 
Veret var strålande og varmt, og føret nokonlunde sjølv om det nokre stader vart noko blautt. Oppstigninga gjekk heilt fint, og frå toppen hadde me fin utsikt, sjølv om det etterkvart vart litt varmedis.
I matpausen me hadde i nedskriinga mot Dueskaret vart det reine sumartilhøva, nestan for varmt. 
Me kom tilbake til bilane stort sett etter ruta me hadde sett opp.
Turleiarane vil takka ei svært positiv turgruppe som gjorde årets siste skitur til ei hyggeleg oppleving

Meir foto her.

Bjørn Knapstad
Foto: Astrid Såkvitne

Opptur 4.mai 2016

For åttande gong inviterte Voss Utferdslag ungdomsskulane i kommunen, samt ungdomsskulane i 
grannekommunane Ulvik og Granvin til å vera med på Opptur 2016.
Frå Torget på Voss gjekk soleis turen via Mølstertunet til Hanguren. Godt 600 høgdemeter.
Vidare på snøføre om Klepp og Heggjavad til Mølster og attende til Sentrum/Torget.
Tilsaman godt over 200 8.klassingar samt lærarar og 15 turleiarar frå Voss Utferdslag var med. 
Strålande vær og føre. God stemning heile tida. Skulane let vel! Meir foto her.

foto: Bjørn Grande

Lydvo – Uppheim – Taulen – Lunneplassen 4. mai 2016

Det var 33 som var møtt opp til turen i dag. Turen starta ved Sylvsidja og me gjekk forbi Lydvaloftet som var bygd for svartedauen 1345. vidare forbi garden Lydvo, og på ein bratt veg opp til Uppheim.Frå Uppheim gjekk me opp til Taulen, her tok me ein god pause, før me gjekk bort til Heggjavad (Lunneplassen), her var det eit vidt utsyn over Vossebygda. Vidare gjekk turen ned forbi Raugstad, Bauthus, og Brekke, og vidare ned gamlevegen mot skulen, og bort til Sylvsmidja der bilane stod parkert. Meir foto her

Tekst og foto: Oddvar Drevsjø

Torvedalen 27. og 28. april 2016

Tilsynstur i strålande vær i Torvedalen.

Klikk her for å skrive tekst.

Myrkleik, Bakknosi 23.04.16

På turen til Bakknosi laurdag 23.04. deltok 9 friske fjellfolk. Ein dag med januarkjensle og nysnø, herlig påskestemning med lunsj i varmen frå ei stor sol på blå himmel, whiteout og forsiktig leiting etter trygge spor før me endeleg var framme på Bakkanosi. Utsikta var redusert men innimellom fekk me små glimt av fjordlanskapet i mellom skyene.
Ein fin tur i mykje vær vart avslutta med nokre herlege svingar i god snø på veg heim. Meir bilete her
Foto: Jon Hunnålvatn Tøn

Lågterskeltur Bulken 31.04.2016

Voss Sogelag og Voss Utferdslag.

Det var godt frammøte på Bulken stasjon. Det var ca 170 frammøtte. Magne Berge som var kjentmann og turleiar fortalde litt historie frå Bulken Stasjon, om korleis Bulken vaks etter at jernbanen kom. Turen gjekk vidare opp til Samvirkelaget, her hadde det tidlegare vore butikk og meieri. Vidare gjekk turen bort til der det hadde vore Landhandlar, og derifrå gjekk me bort til saga, her vart det laga tønner, og det var også rullegardinfabrikk her. Me kjekk forbi postopneriet her var det i tillegg skomakarar, skreddar og bakeri. Me hadde ein stogg for kvart hus der Magne fortalde oss historia om husa. Me gjekk over brua på Liland, og til tidlegare Liland hotell. Hotellet var oprinnelig bygd i sveitserstil. Turen gjekk tilbake over brua att og til Vassenden, og Bulken Samlingshus, oppe i bakken her var det tidlegare klekkeri for laks og brunaure. Siste stopp var i ungdomshuset, der me fekk kaffi og kaker. Her var det også utstilling av gamle bileter frå Bulken. Oddvar Drevsjø tekst/foto

Dyrvedalen rundt 20.04.16

Me var 15 som møtte opp til turen Dyrvedalen rundt. Me starta turen ved Bulken skule og gjekk over brua på Rekve, der me såg den flotte Rekvesmylna. Vidare gjekk me oppover forbi gardane Røte, Sæve og Hæve og til Giljarhus som er den øverste garden på vestsida av Dyrvedalen. Her tok me ein god matpause før me gjekk ned att på austsida av dalen.  Me gjekk forbi Gjerstad, som er fyrste garden me passerte,  og vidare ned til Gjerme. Her tok me av hovedvegen, over elva Dyrvo, og fylgde vegen ned til Rekve langs vestsida av elva. 

Turleiar Magretha Veka 

(foto/ tekst : Oddvar Drevsjø) meir foto her

Familietur til Kaldavass 16. - 17. april

Me var 8 turglade fjellfolk som tok toget frå Voss til Upeste, eit strålande ver. To gutar på 8 og 12 år kom frå Granvin, som
var svært gira på og vera med.Føret var glimrande,me brukte 2 timar opp til hytta.
Me var ikkje lenge på hytta før familien på fire var klar for ny tur til Øykjafonn.
Nokre av oss andre gjekk på Vossaskavlen. Ein draumetur.
I kveldinga vart det servert middag (gryterett m ris) Til dessert hadde me "Sveler med syltety og rømme"Det fekk dei andre 5 overnattings gjestene smake og. Det smaka godt.Stemninga var på topp,me spelte spel og kort,såg ut som om alle kosa seg.Sundag var det -10 grader, sol frå blå himmel,temperaturen kom seg snart.Familien reiste ned att med 11 toget, og me som var att tok oss ein fin skitur innover vatni mot Vassfjøra. Meir bilete her

( foto / tekst: Astrid Såkvitne )

TRÅSTØLEN – LØNAHORGI – DYRVEDALEN 10.04.16

Det var 34 veldig nøgde personar som kom heim etter turen i dag. Alt var berre fantastisk: Vêret, føret, selskapet. Løypa opp til Lønahorgi var hard etter nattefrosten, så kortfell var ikkje den beste løysinga denne morgonen. På Lønahorgi smurde vi skia, og så var det berre å sette utfor ned til Vidvangane. Unnarennet var som ein draum, og slik berre fortsette turen. Det var lett å gå, og lett å køyre nedover. Her var fleire som ikkje hadde vore med Utferdslaget på tur tidlegare, men etter ei slik positiv oppleving så kjem dei nok tilbake. Takk for turen! Helsing turleiarane

sjå fleire turbilete her

3 TOPPAR RUNDT FYRJO 3. april 2016

Vi var 20 personar som ville gå på toppane rundt Fyrjo på sundag. Vi gjekk i jamnt tempo opp forbi Jonsstølen og oppover Fjellsetedalen. Vêret var overraskande bra, men føret var litt treigt då det var våt og tung snø. Det var varmt, og dei fleste måtte kaste jakka. Praten gjekk lett i feltet, og det verka som folk kosa seg saman. Då vi kom på Vardafjellet, byrja det å skye over. Vi gjekk vidare til Bjørnafjellet, men vi vart etter kvart einige om at vi måtte avlyse å gå på Storanosi. Det treige føret gjorde at vi hadde brukt lang tid, og skylaget vart lågare og lågare. Blindeføre var det óg. Vi staka oss ned Reinstjørnedalen til Fyrjo, der vi tok ein siste matbit før vi sette kursen mot bilane igjen. Vi var alle einige om at dette hadde vore ein fin tur sjølv om den vart litt amputert. Vi kom oss på to fine toppar, vi fekk sett to fine dalar i tillegg, og mange vart kjente i eit nytt turterreng. 

Takk for turen! 

Helsing turleiarane Bodil Atterås, Astrid Såkvitne og Richard Jacobsen

Klikk her for å skrive tekst.

 Myrkdalen 30.03.16

Myrkdalen pynta seg med blå himmel, sol, nysnø og minusgrader til onsdagsturen.

Gudmund sto klar på Helgatun og tok mot oss, godt førebudd om utviklinga i fjellandsbyen og eldre busetnad.

Første fineversdagen sidan før påske vart nytta av andre og, med vinterferie i Bergen var det masse folk både i skianlegg og løyper.  Løpa me fylgde var hard etter nattefrost frå Helgatun forbi Bygdastølen til kvileplassen under Revhaugen.

Vidare var nysnøen som kom om natta fin å gå på, rundt Tjørnarhovden, forbi stølen Steinset til me var på toppen ved Kvanndalsstølen.

Returen gjekk fint med lett nysnø øvra og i løpa hadde sola mjuka opp snøen.

13 deltakarar, minusgrader frå morgonen, fin tur i fint ver.

Turleiarane Gudmund Furu og Bjarne Fosse takkar for fylgje.

(Tekst/foto Bjarne Fosse)

Seniortur til Skaftedalen 16.03.2016 

Me er heldige som kan reisa på skitur ein slik onsdag, knall blå himmel, -1 grad og vindstille er det ikkje kvar dag.

Etter bilturen til skaftedalen starta motebakkane, lite sol her gjorde snøen fast, med fellar og litt småpausar gjekk dette fint. 

Høgda ved tingsteinen med sine 764 m.o.h. det er ikkje all verden men utsikten til fjelltoppar i Granvin, Ulvik, Edfjord, Voss er imponerande ein slik dag.  Vidare i småkuppert terreng til stølen skytjeset gjekk det lett, med matpausen i solveggen på stølen til Lars Brekke & co.

Sola hadde mjuka opp snøen til returen ned lia mot stølen Latebakken og langs elva til bilane.  12 personar hadde ein fin tur og var tilbake på vangen til kl. 16.

Turtleiarane Turid Nygaard og Bjarne Fosse takkar for kjekt fylgje.

Foto / tekst: Bjarne Fosse

Tvinnestølen

Hyttetilsynet på tur til  Tvinnestølen over Lønahorgi helga 12.-13.mars

Vi starta i Bavallen i strålande  sol, tok heisane så langt vi kom. Med feller la vi i veg vidare mot Lønahorgi. Der møtte vi skodda, men vi var godt rusta med GPS, kart og kompass og lokalkunnskap, så vi kom oss trygt fram til Tvinnestølen. Dette er ein tur vi tilrår med brukbar sikt. Vi bar inn veden som var transportert inn tidlegare , og måka fram døra til kjellaren utedoen. Elles er Tvinnestølen ei triveleg hytte med hyggeleg  atmosfære. Turen heimatt vart lagt om Afdal der vegen er lettare å finna sjølv om det er litt dårleg sikt. T-ane var til og med synleg på deler av vegen.

Astrid Rongen, Arvid Rykke, Anders Skjerveggen, Hildegun Frøland, Ragnhild Skjerveggen

Kurs i skredvurdering og turplanlegging:

Fjellfolk med ulik grad av erfaring deltok på kurs denne veka. Fyrste del av kurset var grunnleggande teori onsdag kveld. Villsnø holdt eit 3 timar langt opent kurs i vurdering av snøskred og turplanlegging på kart. 
Dei som skulle delta på praktisk kurs fortsatte med ferdråd etter at grunnkurset var ferdig, for planlegging av foreståande helg.

Heile 10 stk deltok på utvida kurs i Breidalen laurdag og sundag. Turplanlegging og skredfarevurdering i praksis var på timeplanen her. Alle deltakarar fekk utvida kjennskap til korleis ein planlegg tur, det å være turleiar og det å vurdere snø og terreng ift skredfare. Ryktet går om at helga i tillegg var særs sosial, med mykje latter, ikkje minst fordi ‪#‎dumpsterdivas‬ ( alias Trine Duesung og Helle Karlsdottir ) hadde tatt med seg gitaren til fjells.

( Foto: Liv Holmstrøm/Trine Duesund/Marte Stein/Øystein Ormåsen/Helle Kalsdottir )

Seniortur til Almenningane 9. mars 2016.

I lett oveskya ver og null grader la sju deltakarar i veg frå Rongastova og oppover i god scoter køyrd løype. Med nokre korte pausar gjekk turen oppover greitt og vel oppe på toppen vart feller tekne av og erstatta med skismurning for å gjera turen vidare innover lett. Med det gode føre som var vart turen til Almenningane rask og med litt stigning opp til øvre Almenningane var det tid for matpause. Undervegs vart det og litt orientering om kva gardar som har stølar i området. Etter matpausen gjekk turen same vegen attende, med litt ekstra "muskelbruk" i form av ploging ned frå toppen. Ein flott tur i eit flott tereng og turleiaren takka for turen!

Arne Hauso

Bordalsfjella 06.03.1: 

32 stk møtte opp for å prøve seg på tur til Karaldenuten.Fantastisk,då veret ikkje var heilt på topp med lågt skydekke og snøbyger.Folk fordelte seg på i bilane og køyrde so til Rongastova,der oss spente på oss ski-nokon med fellar og somme smurde.No lette d opp og d såg ut til å verte veldig bra,tok ein god matpause før oss byrja på kneiken oppover sjølve Karaldenuten.D tjukna til att med snøbyger og vind til høgare opp oss kom,so då oss var ca 70 høgdemeter frå toppen(15min gange)valgte oss å snu.Men fekk sjå d ville landskapet bak nuten mot Ålvik og ned til fjorden.Frå der oss snudde og ned til der oss runda og såg nedetter Bordalen att var d litt fokkete og lite sikt.Men so vart d fantastisk-utruleg flott snøv til både å renne og dette i.
Takk for triveleg turselskap,ein knakandes kjekk gjeng!

Kirsti Buset
foto: Astrid Såkvitne

Fyrjo 02.03.2016

Det var greitt med blå voks når skia skulle gjerast klar på Ospehaugen, 10 cm nysnø på natta og nokre -grader gjorde det lett å brøyta løypa på godt underlag med skutertrakka veg.

Etter kvart som me kom over skoggrensa auka vinden på frå sør-aust, snøfenner, motevind og litt snøføyka minna oss om at våren ikkje er komme sjølv om første vårdagen på almanakken er passert.

Framme ved selet til Lars hadde det laga seg ei lun grop, sola kom og det var fint å kosa seg med termosen og nista i friluft.

Returen gjekk om stølen Remlo, sola vart skarpare,  vinden minka og alle var einige om at det vart ein fin dag ute.

Takk til fylgje og turleiar Lars Lilletun for informasjon under vegs.

 (Tekst/foto Bjarne Fosse )

Larsfonnfjell 28.02.16

Turen til Larsfonnfjell vart ei fantastisk og eventyrleg oppleving for alle 29 som var med.  Vi starta i Årmotslia og gjekk i roleg tempo under Revhaugen fram til vi kryssa elva. Etter ein liten drikkepause her, og dei som hadde behov for det hadde fått lagt på feller, gjekk turen vidare opp til Kvanndalstølen.  Ein halvtimes pause her hjelpte på både humøret og motet. Alle ville til toppen av Larsfonnfjellet 470 meter rett opp.  I solskin, på godt føre og i roleg tempo gjekk alle til topps på Larsfonnfjellet 1320 m over havet. Alle smilte og skein om kapp med sola.  Nedturen vart ei oppleving for alle. Oppheimsdalen var lett å gå  og gav eit fint renne ned til bussen.  Alt gjekk som planlagt. Takk til alle som var med og gjorde dette til ein minnerik tur.

(foto: Richard Jacobsen, Bjørn Knapstad og Ole Kristian Aarnes )

Seniortur 24.02.2016 Løypa på Skjeldal

Første onsdagsturen i år, kl.9 kom snøbya som var lova i natt - ikkje alle kunne ha fått med seg at det skulle verta fint ver for "berre"  5 hadde møtt fram for avreise til Bulkaland der Ragnhild og Anders Skjerveggen var klar for omvising med informasjon om busetnad og anna historikk om løypa.

Som vanleg hadde Hermann køyrt opp både ljosløypa og Skjeldasløypa, me starta på Skjeldal, gjekk inn flystripa til stadion og vidare passerte me både Kristen`s plass og mange andre kjende plassar, samla ca 12 km.

-2 i snøen, + 2 på nysnøen som var komme siste timen laga litt smyrjerøra, Bjørg og Arne held på sine Telemark ski med voks, Anders med nye løypeski med pels og dei andre sikra med smyrjefrie trudde me ---alle måtte skrapa meir enn ein gong.

Takk til turleiarane og fylgje for ein fin dag ute i naturen.

Brandset - Reime 14.02.16

Heile 29 glade skiløparar var med på turen frå Brandset til Reime. Turen gjekk i strålande sol og det var mest heilt vindstille. Skiføret var topp. Fast god snø med nokre centimeter med laus snø på toppen. Frå Vardafjellet til Reime var det trakka spor med snøscooter. Vêrmeldinga på Yr.no viste at det skulle vera 23 minusgrader på Strandaleitet kl 11.00, men det var langt frå så kaldt. Etter vi hadde passert Strandaleitet og kome så langt fram at vi såg ned i Fjellsetedalen tok vi ein velfortent matpause. Klokka var då blitt 12.15. Vi sette oss ned i fjellsida opp mot (store) Vardafjellet og nytte maten i ei varmande vintersol. Ein av deltakarane sa at no braut vi eit prinsipp då vi sette oss ned for å eta. I januar og februar skal ein innta maten ståande meinte han. Prinsipp er til for å brytast. Turleiarane vil gi ros til turdeltakarane for godt samarbeid og god stemning på heile turen. Mange deltakarar gav uttrykk for at dette var ein tur dei ville minnast lenge. 
Turleiarar Kristian Østrem og Bjørn Knapstad 
( foto Bjørn Knapstad )

Torvedalen, tilsynstur 08. og 09. februar 2016