Gruppene våre
BORNA SITT TURLAG
Borna sitt Turlag, har som målsetting å legge til rette for turar og friluftsaktivitetar for born mellom 0 og 13 år.


DNT UNG VOSS
DNT FJELLSPORT VOSS
I 2012 vart det starta ei lokal fjellsportgruppe, ei undergruppe av Voss utferdslag. Fjellsportgruppa skal arbeide for å fremje eit enkelt, aktivt, trygt og miljøvenleg friluftsliv i fjellet. DNT fjellsport Voss er ei av over 30 fjellsportgrupper i landet.
DNT fjellsport Voss passar for deg med erfaring frå turar i høgfjellet, og som nyt gleda av turar utanom dei vanlege turløypene. Me vil fokusere på tryggleik. Utstyr som sendar/mottaker, søkestang og spade er obligatorisk på mange av våre skiturar. Me har i 2015 eit variert program, frå lågterskelturar i nærområdet, kurs og til litt lengre turar. Fylg oss på facebook for oppdatert informasjon.
Velkomen som deltakar, og turleiar hjå oss!
Fylg oss på facebook her.


KLART DET GÅR - FRILUFTSLIV FOR ALLE
Denne gruppa legg til rette for aktivitetar i naturen for alle. På programmet her skal det være turar og arrangement som også dei som ikkje vil eller kan gå så langt kan delta på.
Gjennom året vil me ta med andre ut i naturen for felles samvær. Gjerne med ein god matbit, litt leik, og prøving av aktivitetar.
Eit tilbod for heile familien, liten og stor, sprek og mindre sprek. Alle er velkomen. Fylg oss på facebook og sida for aktivitetar for å finne ut meir om det som skal skje.
DNT SENIOR VOSS
Voss utferdslag si seniorgruppe vart skipa i 2012 med føremål om å femje interessa for friluftsliv og mosjon hjå eldre og pensjonistar ved å legge til rette for fellesturar i kvardagar. Dei aller fleste turane seniorgruppa arrangerer passar for alle. Turleiarar er seniorar med mykje erfaring og kunnskap. Turane går kvardagar på dagtid, vinter og haust, og kveldstid på sommaren. Fast oppmøteplass er HMV – Essostasjonen.
Velkomen med oss på tur!
Fylg oss på facebook her.

SUNDAGSTURANE
Sidan Voss Utferdslag vart stifta for 80 år sidan har ein tradisjonelt hatt turar sundagar.
Desse turane er i hovudsak vandre eller skiturar i Vossaområdet, men også overnattingsturar og kurs. I 2016 er ein del av turane lagt til rette for at heile familien kan delta. Sjå vår programkalender for informasjon.
Velkomen på tur med oss!
Fylg oss på Facebook her.