Pakkeliste for høgfjellet:

Nedanfor er det lista opp viktige ting å ha med seg på tur i fjellet. 

Slik les du tabellen:

Påkledning: minimumskrav til kle når ein vandrar i høgfjellet. Dersom du er på ein 1 - 2 timars tur er det du finn i kollonna "Påkledning" nok.

Dagstur: skal du på ein lengre tur enn 2 timar er det anbefalt å ta med ein dagstursekk med nødvendig utstyr. Detter finn du under pakke for dagstur

skal du være i fjellet over lengre tid, td telte eller gå hytte til hytte kombinerer ein liste for påkledning, dagstur, fleirdagstur hytte, fleirdagstur telt for å få den anbefalte pakkelista.

Merk at det fleirdagstur er delt inn i på tur med telt og hytte til hytte.

På hytte til hytte tur kan ein stundom handle ein del av matvarene sine undervegs. Sjekk UT.no for informasjon om hytta du vil vitje.

Ein hytte til hytte sekk er ofte mellom 7 og 12 kg tung. Ein telttursekk er normalt mellom 12 og 20 kg.


Foto: Sindre Thoresen Lønnes

Påkledning:

  • Ullsokker
  • Bukser
  • Genser / skjorte
  • Jakke
  • Fjellsko
  • Fyrstehjelpsutstyr





Dagstur:

  • Vindtett jakke
  • Hue /Buff / Hals
  • Solkrem / solbriller
  • Votter ( vindtette )
  • Ullgenser
  • Ull longs
  • Ekstra sokker
  • Mat
  • Vannflaske
  • Kart og kompass
  • Reperasjonsutstyr

      <   5 kg

Fleirdagstur hytte til hytte:

  • Lakenpose
  • Underkle
  • Toalettsaker
  • Handduk
  • Ekstra ullgenser
  • Ekstra ull longs
  • Hodelykt
  • Toalettpapir
  • Termos
  • Penger / kort

      '7 -12 kg

Fleirdagstur i telt:

  • Liggeunderlag
  • Sovepose
  • Tallerken og bestikk
  • kopp
  • Fyrstikker
  • Brenner og gass / bensin
  • Telt
  • Mat
  • Panne / Kniv 
  • Myggmiddel

      12 - 20 kg

For turar i vinterfjellet treng ein ekstra utstyr. Sjå DNT.no for pakkeliste vinter.



Ved inngangen til fjordlandskapet og verdsarvområdet finn du Grindaflethytta

Dersom du ynskjer ei høgfjellsoppleving, med både roleg terreng og dramatisk natur, er denne Grindaflethytta eit godt utgangspunkt. Hytta ligg ved Grindafletvatni, 1086 moh, i eit fantastisk fjellområde mellom Raundalen og Sognefjorden. Terrenget er variert med eit rolegare terreng mot Vossatraktene og eit heller dramatisk terreng mot Sogn. Den mest kjente sommarturen er til garden Stigen, høgt over Aurlandsfjorden.  Hytta er ei sjølvbetjeningshytte som er  open heile året.  

Velkomen til fjells og til eit påfyll av opplevingar!