Vedtekter

Foto: Tore Birkeland

LOV FOR VOSS UTFERDSLAG


Skipa 14. august 1933

Vedteke på årsmøtet 31. januar 1934


§7 Endra på årsmøtet 16. februar 1979

§5 Endra på årsmøtet 30. november 1983

§5 Endra på årsmøtet 13. november 1992

§7 Endra på årsmøtet 14. november 2006


Gjeldande vedtekter vedteke på årsmøtet 5. desember 2013:


§1

Voss Utferdslag er ein sjølvstendig medlemsforeining i Den Norske Turistforening.


§2

Laget  har som føremål å arbeida for eit friskt og sunt friluftsliv, særleg med å skipa til fotturar, skiturar og andre aktivitetar i Vossabygda, Vossafjella og andre stader. Vidare skal laget arbeida for å verna om naturen slik at komande generasjonar kan  oppleva urørt natur.


§3

Ved å merka ruter, og ved å byggja og drifta hytter og bruer, legg ein til rette for at fleire kan delta i eit friskt og sunt friluftsliv.

§4

Laget skal gjera rutene og hyttene mest mogeleg kjende og i samarbeid med andre organisasjonar arbeida for at turistar legg vegen om Voss.

§5

Årsmøtet er laget sitt øvste organ og skal haldast kvart år i november/desember/januar. Årsmøtet skal handsama følgjande saker:
Årsmelding, revisorgodkjend rekneskap, innkomne saker, kontingent, val av; styreleiar, styre, revisor, valnemnd og andre tillitsvalde. Årsmøtet skal også handsama  spørsmål om bygging av nye hytter og bruer, og oppgraderingar som går ut over vanleg vedlikehald.

Styret skal ha ein styreleiar og 7 styremedlemer. Styreleiaren vert vald for 1 år og styremedlemene for 2 år.  Minst 3 styremedlemer skal vera på val kvart år. Styret kan gjera vedtak når minst 5 av medlemene er tilstades på  styremøte. Ved likt stemmetal har styreleiar dobbelrøyst.

Valnemnda skal ha 3 medlemer som vert valde for 3 år. Ein av dei står på val kvart år. Valnemnda skal koma med framlegg  om tillitsvalde og  revisor. Styret gjev kvart år melding til valnemnda om kva tillitsvalde som skal veljast.

Årsmøtet vedtek kva komitear/undergrupper  laget skal ha. Gruppene skal ha eit styre på  minst 3 personar som vert valde for 2 år. Kvar komite/undergruppe skal ha ein leiar. Komiteane/undergruppene ligg under styret i laget.


§6

Alle medlemer i laget som har fylt 16 år har røysterett på årsmøtet.


§7

Ved endring av vedtektene til laget trengst det 2/3 fleirtal av dei frammøtte på årsmøtet.



§8

Om oppløysing av laget vert aktuelt, må det  vedtakast på 2 årsmøte. Første
gongs handsaming må skje på ordinært årsmøte, og minst 3/4 av dei avgjevne  røystene må  vera for oppløysing. For at vedtaket skal vera gyldig, må det handsamast for andre gong på ekstraordinært årsmøte innan ein månad. Då må også minst 3/4 av dei avgjevne  røystene vera for oppløysing. Om laget vert oppløyst, skal all eiga gå vidare til fremjing av eit friskt og sunt friluftsliv i Vossabygda. Eiga etter laget skal forvaltast av styret i Den Norske Turistforening.