Ta vare på kyst og fjell

Me lever i ei verd der urørt natur blir meir og meir sjeldan vare. DNT er for grønn energi, men ikkje når det fører til rasering av verdifull natur. Vindkraftutbygging er ikkje skånsomt, men gjer naturen til eit industriområde. Me reddar ikkje klimaet ved å byggje ned natur. Tvert imot, naturen lagrar Co2 og er grunnlaget for alt liv på jorda. Forsvinn naturen, forsvinn me!