Ein treng ikkje reise langt for dei store opplevingane!

JUHU - vinterferien er her!! 

Ferie - eit avbrekk frå kvardagen. Kva er vel betre enn å være ute, saman, og berre nyte dei etterlengta dagane. Roe ned og la timane gå så sakte som mogeleg? 

For små føter kan det være greit at det ikkje er så langt å gå til hytta. I området Voss er Torfinnsheim den hytta med kortast tilkomst. Hytta er godt eigna for bornefamiliar - med god plass og innlagt straum. Ingen grunn til å sløyfe laurdagspizzaen om du overnatter her - her er fullt ustyrt kjøken med steikeovn. På UT.no kan du lese meir om hytta og korleis planlegge turen. Vil du være sikker på å få seng til deg og dine, kan det være lurt å førehandstinge dette via nett. 

Her er andre  sjølvbetente og ubetente hytter nær bilveg/tog (0-3 kilometer/1 time å gå):

Aking
Aking
Foto: Kristi Haugsgjerd

Er du oppteken av miljøet og å ha mest mogeleg ferietid?  Ferier i nærmiljøet!