20. august 2022 går den to mil lange turmarsjen over Gråsida, eit høgfjellsplatå på mellom 1000 og 1350 høgdemeter.
Stien er omkransa av bratte skogkledde lier i nord og aust. Den mest kjende turistattraksjonen på turen er Timaglaset, ein stor stein som balanserer på glatt
fjell, tilsynelatande i evig kamp mot tyngdekreftene.
Turmarsjen er utan tidtaking der ein kan konkurrera med seg sjølv og naboen, eller berre nyta turen og bruka dagen i eit fantastisk flott fjellområde. Turstart frå Hodnaberg, på den T-merka ruta via Torfinnsheim – Timaglaset – Gråsidetoppen – Roset, med målgang på Gjelle.
Fjellandskapet ein går gjennom denne dagen er vilt, vakkert og varierande. Frå Hodnaberg gjennom bjørkelier, over lyng og snaufjell tilbake Voss. Høgfjellsmarsjen har 5 bemanna sjekkpunkt, men alle må sjølv ha godt med niste/drikke og kle i sekken.
Ved målpassering vert det varm mat og drikke til alle, og alle deltakarane får og Vossamarsj T-skjorta etter gjennomført tur. I tillegg vert flotte premiar trekt på startnummer.
I tilfelle det skulle bli dårleg vêr den 20. august, håpar de kan bli med på reservedatoen 27. august!
Praktisk info:
- Registrering på Holbergsplassen v/Park Hotel frå kl. 07.00.
- Bussar til Hodnaberg mellom kl. 07.30 - 09.00.
- Returbuss frå Gjelle frå kl. 14.30 til kl. 19.00.
- Ved målgang Gjelle vert det servering av lapskaus/saft og utdeling av t-skjorter og flotte premiar trekt på startnummer til heldige vinnarar.
Startkontingent
Meld deg på før 14. august og få kr 100,- i rabatt.
Prisar før 14. august:
Vaksne: Kr. 250 medlem / 370 ikkje medlem
Born / Ungdom: 1/2 pris til og med fylte 18 år
Prisar etter 14. august:
Vaksne: Kr. 350 medlem / 470 ikkje medlem
Born / Ungdom: 1/2 pris til og med fylte 18 år
Takk til våre sponsorar for Vossamarsjen 2022:








