Dyrvedalen - Vola

Fellestur

Dato
25. august kl. 09:00 - 19:00
Vanskelighetsgrad
Middels  
Passer spesielt for
Voksne
Arrangør
Voss Utferdslag
Dette arrangementet er over!

Sundagsturen 25.august går frå Dyrvedalen over Volafjellet til Volahytta og vidare til Voladammen.  
Turen går på den nye T-merka ruta frå Dyrvedalen over Volafjellet. Dette er gamle stølsvegen til Volo, som er støl for bruk på Røthe og Hæve i Dyrvedalen.  

Frammøte på Holbergsplass kl 09.00 for transport med minibuss til Giljarhus. Bussen tek oss opp til lunneplass før Buneld (ca 450 m.o.h). Turen vidare går etter ny T-merka sti, «Gamle Volavegen». Me passerer stølen Tunnaset og Sledavarden før me er oppe på Volafjellet og høgaste punktet på turen ca. 1300 moh. Slakt nedover mot Brattefennene langs Vetla Volavatnet, forbi stølen Volo og vidare på vestsida av  Gråeskorvi, og til Volahytta. Distanse ca. 14 km og høgdeskilnad ca 900 m. Me vil gå i jamt tempo med innlagde pausar. 

Vel framme med Volahytta tek vi ein pause og litt orientering. Omvising for dei som ynskjer det. Siste etappen frå Volahytta til Voladammen går litt opp og ned. Reknar med ein time på denne etappen. Minibussen(ane) hentar oss på parkeringsplassen nedanfor dammen.   Ca ein time å køyra frå dammen og til Vangen.  

Turleiarane vil gå opp turen i midten av august og vil i veke 34 oppdatera informasjonen om turen. Dette er ein middels tung tur som høver for alle som har gått litt fjellturar i sommar 
 
Turleiarane ynskjer velkomen til å flott fjelltur.  Attende på Vangen ca kl 19.00. 

PÅMELDING TIL 

Avreise Holbergsplass kl 0900. Pris med buss kr 200,- for medlemar og kr 300,- for ikkje medlemar.  

Turleiarar: Olav Sognnæs (mob. 917 87 485) og Kristian Østrem (mob. 905 28 522) 

Påmelding til Kristian Østrem  innan kl 20.00 fredag 23.august 

Kontaktinformasjon:

  • Audun Hellevang / Kristian Østrem
  • Tlf. 95288833 / 90528522

Turledere:

  • Kristian Østrem
  • Olav Harboe Sognnæs