TEMAKVELD - Det magiske fjellslottet Breidablik

Arrangement

Dato
14. februar kl. 18:00 - 21:00
Passer for
Alle
Arrangør
Voss Utferdslag
Turområde
Stølsheimen, Bergsdalen og Vossefjellene (se kart)
Dette arrangementet er over!

Lars Arvid Oma og Inger Dysvik har skrive historia om det magiske fjellslottet Breidablik (1162 m.o.h.) i kvammafjella i Hardanger. Hyttene mellom Skrott og Geitafjell er livsverket til Bjarne og Anne Marit Huse. Her budde familien kvar sommar frå 1968 og fram til Bergen og Hordaland Turlag fekk overta det særprega hytteanlegget i 2012. Forfattarane er ihuga fjellvandrarar med eit bankande hjarte for Breidablik og fjellområda som omkransar hyttetunet i Kvam. Dei vil fortelje om arbeidet med boka med skråblikk, skildringar og portrett i ei høveleg blanding. Ekstra kjekt er det at Anne Marit og Bjarne Huse også kjem, for å møte vossavener denne kvelden.

Det vert og høve til å kjøpe boka denne kvelden. 

stad: Kveik Kafè,  Vangsgata 46, 5700 Voss

 

Vel møtt! 

TEMAKVELD - Det magiske fjellslottet Breidablik

Lars Arvid Oma og Inger Dysvik har skrive historia om det magiske fjellslottet Breidablik (1162 m.o.h.) i kvammafjella i Hardanger. Hyttene mellom Skrott og Geitafjell er livsverket til Bjarne og ...

Kontaktinformasjon: