Villmarkskveld med Arne Nævra

Arrangement

Dato
3. april kl. 19:00 - 21:00
Passer for
Alle
Arrangør
Voss Utferdslag
Dette arrangementet er over!

Frå Bjørneskogen til Løvebakken.

Store og små dyr vil sprada over lerretet når den kjende naturfotografen og naturfilmprodusenten, og no stortingsrepresentant, Arne Nævra kjem på besøk.

Gjennom filmkåseri med levande bileter får me ta del i dei utrulege historiane om nærmøter med store rovdyr, kjempeelgar og andre ville skapningar i slåande naturkulisser - i fleire verdshjørner.
Men fyrst og fremst blir det norsk natur – med hovedvekt på dyreliv og opplevingar i skog og fjell, valgt ut frå Nævra si rikhaldige skattekiste etter fleire tiår bak kameraet.

Her får du ei personleg og munnleg framstilling av historiane bak TV-serier som Norske Naturperler, Norges Villmarker og Skoggangsmann – som alle har ein kvalitet som pustar sjølvaste BBC i nakken.

Nævra vil også koma inn på kva som truar naturen og mangfaldet, og kva me kan og bør gjera.

Møt ein av dei mest profilerte naturfilmskapar i Norden, kjend for si personlige og fargerike forteljarstil. No har han bytta ut bjørneskogen med Løvebakken, sidan han er valgt inn som stortingsrepresentant frå Buskerud SV hausten 2017. Han lovar å koma med nokre tankar om det å byta kamuflasjedress med blådress.

 

Stad: Tre Brør Kafè, Voss. Vangsgt 28, 5700 Voss.