Osascena på Skjedikane

Fellestur

Dato
28. august kl. 17:30
Passer for
Alle
Arrangør
Voss Utferdslag
Dette arrangementet er over!

Med det nye namnet «Osascena» er vi klare for ein ny frisk sesong - den 22. i rekka! Sjå heile haustprogrammet på www.osafestivalen.no!

Ta med familie og gode vener, kveldsmat i sekken og noko varmt på termosen! I samarbeid med Voss Utferdslag pangstartar vi hausten med kveldstur til Skjedikane (380 moh) og konsert med to av årets landskappleikvinnarar: Alexander Røynstrand og Kristoffer Kleiveland.

PRAKTISK INFO:
For dei som vil ha turleiar går turen frå Tvilde kl 1730. Oppmøte ved riksvegen ovanfor Tvilde Fargerike. Du kan sjølvsagt også ta turen på eigahand. Hugs gode klede, og ta gjerne med kveldsmat og noko varmt på termosen!


Konsertstart kl.18.30
Billett: Kr. 150,- / born gratis.
Førehandssal på www.ticketco.no. Du kan også kjøpe billett på Skjedikane (berre kontant betaling).

Konserten er støtta av Voss kommune og er eit samarbeid mellom Osascena og Voss Utferdslag. Takk til Osascena sine støttespelarar: Norsk Kulturåd, Voss Sparebank, Vekselbanken & Voss Energi.

-----

Alexander Røynstrand og Kristoffer Kleiveland - betre spelemenn enn dette finn ein faktisk ikkje, om ein skal tru resultatlista frå Landskappleiken i år! Både Alexander Røynstrand (hardingfele) og Kristoffer Kleiveland (durspel) vann A-klassen for sine instrument i Vågå i juni, og Røynstrand snappa like godt med seg Kongepokalen i same slengen. Dette vert ei stor konsertoppleving for alle som verdset dugleik, kvalitet og kunnskap i folkemusikken.

Kristoffer Kleiveland vaks opp i eit sterkt folkemusikkmiljø på Osterøy, der både dans og musikk prega kvardagen. Seinare har han studert utøvande folkemusikk på Ole Bull Akademiet med hovudvekt på tradisjonsmusikken i Nordhordland. Han har vunne Landskappleiken fleire gongar, og driv med opplæring i durspel, kurs og konsertverksemd i inn- og utland.

Alexander Røynstrand kjem frå «spelarhola» Granvin, og byrja allereie som sjuåring å læra hardigfelespel på kulturskulen av ingen ringare enn Knut Hamre. Han har i ettertid plukka opp litt av kvart frå læremeistrar som Åse Teigland, Steinar Rygg, Jan Beitohaugen Granli, Frank Rolland og Øystein Velure, for å nemne nokre. Det er ingen tvil om at Røynstrand verkeleg har funne storforma i det siste: I tillegg til Landskappleik-gull og Kongepokal vann han òg Jørn Hilme-stemnet i sommar (for tredje året på rad!), og saman med gruppa Hevd vart han vestlandsmeister i gamaldansmusikk under Blømingsfestivalen 2019.

Foto: Knut Utler / Svanhild Toppe Tolaas

Kontaktinformasjon: