Seniortur frå Nore Hamlagrø til Lonane

Fellestur

Dato
22. mars kl. 10:00 - 15:00
Vanskelighetsgrad
Enkel  
Passer spesielt for
Seniorer
Arrangør
Voss Utferdslag

Turen går frå nye hyttefeltet på Nore Hamlagrø, kring 600 moh. Me fylgjer Kvanngjela opp til Kvanngjeltoppen (900 moh.). Her er jamn stigning, men bratt siste stykket. Frå toppen til Lonaselet, ca. 820 moh. er det flatt og nedover.

Me går same veg tilbake. Samla stigning er rundt 400 meter, og lengd er 11–12 kilometer. Turen tek omtrent fem timar med pausar.

Turleiarar:
Anders Skjerveggen (91327971) og Ragnhild Skjerveggen (99307740)

I aktivitetsprogrammet står det at denne turen går sundag 22. mars. Dette er ikkje riktig. Turen går altså onsdag 25. mars.

Kontaktinformasjon:

Turledere:

  • Ragnhild Skjerveggen
  • Anders Skjerveggen