Kvitno - Fyrjo - Reinstjørndalen

Fellestur

Dato
11. mars kl. 10:00 - 15:00
Vanskelighetsgrad
Enkel  
Passer spesielt for
Seniorer
Arrangør
Voss Utferdslag

Skituren går i eit flott turområde både vinter og sommar.  Me køyrer i privatbilar utover Raundalen, og på Urdland tek me av til Fagnastøl og Kvitno.  Bilane parkerer me i Ospehaugen. Der tek me på oss skiene og fylgjer stølsvegen utover til Fyrjo. På vegen utover går me forbi stølane Furteset og Gudmundset.  Løypa er slak og har ikkje nokon bratte motbakkar.

Når me er komne til Fyrjo er det kansje på tide med litt påfyll av energi, så det kan passa å ta matpausen her.  Etter ein god pause vurderer me om me skal gå vidare inn i Reinstjørndalen.

Er føret fint og forma bra, så fortset me og ser kor langt me kjem. Heller ikkje her er er det nokon bratte bakkar.

Total stigning er 350 - 400 meter, og samla lengde kring 14 km.

Helsing turleiarane.

Kontaktinformasjon:

  • Lars Lillethun
  • Tlf. 970 27 039