Seniortur: Fredheim - Folkehøgskulen - Fredheim

Fellestur

Dato
20. mai kl. 18:00 - 21:00
Passer spesielt for
Seniorer
Arrangør
Voss Utferdslag
Dette arrangementet er over!

Me starter turen frå Fredheim kl 18, går over Langebrua og ned i Prestegardsmoen ned til Bergslihuset, herifrå går me mot vangen. Ved campingplassen går me på promenadevegen forbi kulturhuset og bort til Ungdomsherberget. Herifrå går me opp til Folkehøgskulen, vidare mot Finnesloftet som er ein mellomalderbygning som truleg er sett opp rundt 1295. Me fortset vidare Gullfjordungsvegen til me tek av på stien som går ned til jernbanestasjonen. Frå Essostasjonen går me ned til promenadevegen og fylgjer denne bort til badebassenget, her fylgjer me Idrottsvegen til Idrettshallen, går på nedsida av denne og fylgjer stien på nedsida av fotballbanane. Herifrå går me på stien opp langs Vosso og vidare til Fredheim.

Turen er 7,6 km lang og samla høgdemeter 31,4.

Turleiar: Ellen Sjøgren (913 84 114)