På topptur i Balestrand

Fellestur

Dato
9. august kl. 08:00 - 18:00
Passer spesielt for
Voksne, Fjellsportinteresserte
Arrangør
Voss Utferdslag
Dette arrangementet er over!

Rundt Balestrand ligg det majestetiske fjell, og denne sundagen skal vi ta oss opp på spektakulære Vindreken. Ein kan sjå Vindreken frå Balestrand sentrum, og toppen har fasinert mang ein kunstnar. Den har vore eit ynda motiv.

Vi går frå fjorden og opp på Vindreken (1279 moh). Turen opp er veldig bratt, med 1250 høgdemeter fordelt på 3,5 kilometer. Dette er den brattaste merka ruta i Balestrand. Sjølv om det er bratt opp, så ligg stien trygt i terrenget, men til tider må ein bruke både armar og bein. Oppe er det nydeleg utsikt over Sognefjorden og fjella rundt. Vi går nedatt ein annan veg slik at vi får ein rundtur.

Turen er ekstra krevjande, og du må vere van med å gå i fjellet. Det kan vere lurt å ha gått på nokre fjelltoppar i løpet av sommaren.

Avreise frå Holbergsplass sundags morgon kl 0745. Vi samkøyrer i privatbilar til Balestrand. Ta med godt med mat og drikke, klede etter forhalda, og stavar dersom du bruker det. Vi reknar med å bruke 8-9 timar på turen.

Det er ikkje mogleg å fylle på vatn på veg opp, og du bør ha med 1-2 liter vatn. Hugs fjellsko.

Turen vert avlyst ved regn eller tåke.

Pris: Kr 300 for biltransport og fergeutgifter. Betal til turleiar.

Påmelding: På nettsidene våre eller på tlf 41475381 innan fredag 07.08 kl 18

Turleiarar er Bodil Atterås (41475381) og Laila Dregelid Kvåle (48103989)

 

Kontaktinformasjon:

  • Bodil Atterås
  • Tlf. 41475381

Turledere:

  • Laila Dregelid Kvåle
  • Bodil Atterås