Vatnaset - Movåtno (Granvin)

Fellestur

Dato
16. september kl. 10:00 - 17:00
Passer spesielt for
Seniorer
Arrangør
Voss Utferdslag
Dette arrangementet er over!

Me køyrer mot Granvin til Hollven og tek av på vegen over Espelandsdalen til Vinddal og opp til parkeringsplassen på Hauseåsen skianlegg. Me går så den gamle postvegen mellom Granvin og Ulvik til Vatnaset. Her passera me forbi eit bergalag som ber namet "Prestajoklane" etter det på 17-hundretalet var ein prest på veg frå Ulvik til Granvin som omkom etter å ha fenge isjoklar på seg. Frå Vatnaset går me så vidare i litt signing til Angerskleiv. Her kryssar me grensa mellom Granvin og Ulvik. Me fortset nokre hundre meter inn i Ulvik herad der me får godt utsyn aust-over mot fjella over Osa og Bu-sida av Eidfjorden. Går no same vegen tilbake til Vatnaset og tek der ein annan sti sør-vestover fram til Måvotno. Vidare ca.1 km på stølsvegen frå Tveito, før me tek av nordover til skiløypa og parkeringsplassen.

Dette er ein tur stort sett på veg/fin sti med nokre våte korte parti i ope skogsterreng. Me tek pausar under vegs etter behov.Turen er ca 12 km, med samla stigning ca. 200 høgdemeter. Bompengar (Vossapakko).

Velkomen på tur!

 

Turleiarar:
Arne Hauso og Tove R. Jacobsen

Kontaktinformasjon:

Turleder:

  • Arne Hauso