Klatrekveld med DNT Fjellsport

Arrangement

Dato
3. juni kl. 17:00 - 21:30
Passer for
Alle
Turtyper
Arrangement, , Aktivitet Klatring
Arrangører
Voss Utferdslag, DNT fjellsport
Dette arrangementet er over!

Klatresesongen er i gong! På forsommaren arrangerer me klatrekveldar på Staup kvar onsdag fram til 17. juni.

Denne gongen er det DNT Fjellsport Voss som invitererer. Du treng ikkje å ha klatra før for å delta. Voss Utferdslag stiller med naudsynt klatreutstyr og sertifisert klatreinstruktør. 

Voss har nokre flotte klipper som passar til klatring for både begynnarar og erfarne klatrarar. Desse kveldane er eit fint høve til å prøve klatring for fyrste gong, eller treffe andre klatreinteresserte til ei felles økt. Alt ligg til rette for ein kjekk kveld!

Det er berre plass til åtte deltakarar. Meld deg på her: https://www.dnt.no/aktiviteter/122414/884185/

Området nær Staup er idyllisk og er lagt til rette med bålplass med benkar rundt. Her er det mogeleg å ta med seg mat og nyte middagen ute. Då blir det tid til meir klatring.

Oppmøte:
Ved klatreklippene på Staup, nær Smalahovetunet. Dit kjem du ved å køyre E16 ut av Voss i retning Gudvangen i om lag 7 km. Ved avkøyringa til Smalahovetunet, ta av mot venstre (motsett side av vegen) opp den bratte grusbakken. Parkering på toppen, på venstre side før brua.
𝗡𝗕! Ta omsyn til beitedyr langs grusvegen!

Viss vêret er dårlig, kan arrangementet bli avlyst. Følg med på Voss Utferdslag si Facebook-side for oppdateringar.

Dato: 3. juni
Tid: Kl. 17.00 – 21.30
Pris: Gratis
Antall plassar: 8
Påmelding: https://www.dnt.no/aktiviteter/122414/884185/

Spørsmål om arrangementet kan rettast til Øystein Ormåsen – ormasen@gmail.com eller 93484041.

Kontaktinformasjon:

Turleder:

  • Øystein Ormåsen