I år blir Kom deg ut-dag på glattisen!
Denne gongen spreier me Kom deg ut-dagen over ei lang veke, frå fredag 5. februar til sundag 14. februar. Me hengjer opp ein natursti ute på isen på Vangsvatnet, slik at alle kan ta turen når det passar best.
Det er meldt iskalde grader så langt vêrarslinga kan spå. Dette er gode nyheiter for isen! Ta med deg skøyter eller ski, mat, varm drikke og heile familien for ei annleis Kom deg ut-veke!
Slik fungerer det:
Starten er ved skøytebana ved Kulturhuset. Der står ei kasse med svarark. Fyll inn svar på spørsmåla, namn og alder og legg arket i kassa ved siste post når du har skøyta deg gjennom løypa. Me tømmer kassa med jamne mellomrom.
Alle er med i trekking av premiar frå DNT!
God tur!
Skøyteløper fotografert fra under isen gjennom 10 cm stålis i østmarka. Et bilde jeg har drømt om å ta lenge. Men det krever blank is, bra lys og ikke minst en skøytekompis som er tålmodig som modell. Foto: Henrik Strømstad, DNTs fotokonkurranse