Voss Utferdslag har invitert Dag Sandvik til å halde våttkortkus for oss i havkajakk!
Eit våttkort kan vere lurt å ha om ein padlar ein del, og dei fleste som leiger ut kajakk/kano krev minimum eit introkurs (4 t), eller som regel eit grunnkurs (16t).
Kurset vi arrangerer denne helga er eit grunnkurs, og det går over 2 dagar (16 timar). Den fyrste dagen vert det leik og øving på Vangsvatnet, og dag to vert det ein fjordtur.
På kurset lærer du mellom anna:
Etter gjennomført kurs vil ein få våttkort.
Kurset er med eigen kajakk, men vi har eit par kajakker til utlån. Det er også viktig at du har eigna klede som våtdrakt, tørrdrakt, long john med jakke, ol. Dersom du ikkje har slikt utstyr, så kan du leige dette direkte hjå instruktør. For leige av kajakk og/eller klede, så kjem det eit tillegg i prisen. Kr 500 for kajakk og kr 500 for klede. Det er fint om du skriv i kommentarfeltet under påmelding om du ikkje har dette sjølv.
Krav til kurset: Du må vere svømmedyktig
Link til Noges padleforbund: https://www.padling.no/vaattkort/hva-er-vaattkort/de-ulike-kursene-i-npf-vaattkort/flattvann/grunnkurs-flattvann/
Fellestur på Helgelandskysten med DNT Oslo. Foto: Marius Dalseg Sætre