Tur til Hanakamb

Fellestur

Dato
15. august kl. 08:00 - 18:00
Vanskelighetsgrad
Krevende  
Passer spesielt for
Voksne, Fjellsportinteresserte
Turtyper
Fellestur, Fottur, Hanakamb
Arrangør
Voss Utferdslag

På vestsida av Sørfjorden, i grensa mellom Ullensvang og Odda: Hanakamb og Solvarden.

På andre sida av fjorden ligg kjente ruter som Trolltunga og Dronningstien. Færre kjenner til denne perla av ein tur. Ein vakker tur i variert terreng, blant isbre, fossar, blågrønt isvatn, skog, høgfjell og lyng. Dette er vestlandsnatur på sitt vakraste.

Vi startar ved kraftverket på Kvitno utanfor Odda, og i starten føl vi ein anleggsveg eit stykke oppover. Etter kvart tar vi av og fortset oppover på tydeleg merka sti. Vi kjem opp til Raundalsvatnet, og no kan vi nesten «ta» på Folgefonna. Vatnet er blågrønt og vakkert. Her tar vi ein pause og nyt synet av dette ville landskapet før vi går vidare og føl ryggen oppover mot Hanakamb. Vi kjem no over tregrensa, og landskapet opnar seg. Utsynet er formidabelt. På toppen et vi nista vår medan vi sug inn utsyn og inntrykk. For dei som vil bade, så er her fleire naturlege «badekar» som ein kan kjøle seg ned i etter den lange oppoverbakken på 1000 høgdemeter. 

Etter pausen går vi ned ca 150 høgdemeter før vi får eit nytt løft opp på Solvarden. Retur same veg.

Vi samkøyrer frå Voss. Avreise frå Holbergsplass kl 0810. Vi reknar med å vere tilbake på Voss rundt kl 19. 

Påmelding på nett innan fredag 13.sept kl 19. Betaling for køyring og turleiing kr 280. Betal til turleiar. Avgrensa antal med deltakarar.

Dette er ein krevjande tur med mykje stigning. Det er viktig å ha gått fleire lengre turar med god stigning tidlegare på sommaren/hausten.

 

Turleiarar:
Bodil Atterås (414 75 381)
Toril Hunnålvatn (959 23 065)

Kontaktinformasjon:

Turledere:

  • Toril Hunnålvatn
  • Bodil Atterås