Snøen kryp sakte nedover fjellsidene - vinteren er på veg! Men har du kunnskapen som trengst for å ta deg trygt fram i fjellet?
DNT Fjellsport Voss inviterer til skredkveld like før skisesongen set inn for fullt. Denne kvelden skal Øystein Omåsen hjelpe oss med å friske opp grunnleggande skredkunnskap, og ikkje minst jobbe med turplanlegging i praksis.Kvelden passar for alle som er interesserte i å ferdast i fjellet, uansett kva type plankar du helst festar til føtene. Gjer deg klar for eit skred av nyttig info!
Me kjem attende med stad.
Haukeliseter. Mars 2020. Foto: Marius Dalseg Sætre