Tur på Vikafjellet

Fellestur

Dato
2. mai kl. 10:00 - 16:00
Vanskelighetsgrad
Krevende  
Passer spesielt for
Voksne
Arrangør
Voss Utferdslag
Dette arrangementet er over!

Denne sundagen blir det rundtur på nordsida av Vikafjellet: Skabotsvarden -Skjelinganosi - Urdeggi.  

Oppmøte på parkeringsplassen Skjeringen forbi grensa mellom Voss og Vik kl. 10. Alle køyrer eigen bil og møter opp her. Dette er på grunn av at gjeldane smittevernreglar ikkje tillet felles transport. 

Starten på turen er ca 970 moh. og me går sørvestover i jamn stigning til Skabotsvarden 1375 moh. No har me gått ca 5 km. og tek ein matpause der. Vidare nordaustover til Skjellanganosi 1321 moh. Denne toppen har ei loddrett fjellside mot nord og aust og flott utsikt mot Sognefjorden. Så går me sørover, med nedskriing mot Snjodalen og krysser vegen til Kvilesteinsvatnet, dreier nordøstover til Urdeggi. Me tek pause nr 2 der. 

Frå Urdeggi skrir me litt nordover før me runder av og ned i dalen mot hyttefeltet og bilvegen. 

Heile turen er ca 19 km.  med ei stigning på ca 780 høgdemeter og er ein middels til litt krevjande tur. Reknar med å bruka 6 timar på turen. Anbefaller halvfeller med god glid. 

Påmelding på nett eller til turleiar. Velkommen med på ein flott skitur!

Turleiarar:
Arvid Rykke
Jean-Christophe Scouarnec

Kontaktinformasjon:

Turledere:

  • Jean-Christophe Scouarnec
  • Arvid Rykke